Job Description

Published 23-04-2024
Deadline: 08-05-2024

 

Fagarbeidar 100% fast stilling 

Velkommen til mangfaldige Geiranger. Kanskje verda si største bygd på sommarstid, men også ei lita, roleg og koseleg bygd på vinterstid. Midt i smørauget i sentrum av Geiranger ligg barnehagen, samlokalisert med Geiranger skule og SFO i verdsarvområdet Geirangerfjorden. Nærområdet og den majestetiske naturen er gull verdt for aktivitetane og det pedagogiske opplegget i barnehagen. Barnehagen består av ei avdeling og har eit svært rikt språkleg- og kulturelt mangfald for storleiken sin. Som tilsett i Geiranger barnehage har du ei unik moglegheit til å skaffe deg erfaringar få andre plassar kan tilby.

Vi har ledig 100%  fast stilling som fagarbeidar evt. assistent frå 01.08.2024

For å skaffe oss rett kompetanse vurderer Stranda kommune å bruke rekrutteringstiltak som dekt husleige og tilleggsansiennitet.

Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort, jf. Offentleglova § 25. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato

Arbeidsoppgåver

  • Ha omsorg for det enkelte barn og barnegruppa
  • Planlegge, gjennomføre, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet i samarbeid med pedagogisk leiar
  • Vere ein god rollemodell og bygge gode relasjoner med kollegaer, barn, foreldre og andre instansar
  • Bidra til eit trygt og godt lærings- og arbeidsmiljø for barn og kollegaer
  • Legge til rette for godt samarbeid med heimane 

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar kan søkjarar med anna relevant utdanning og/eller praksis frå barnehage/SFO bli vurdert for midlertidig tilsetjing
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg 

Personlege eigenskapar

  • Omsorgsfull og raus
  • Positiv og til stades 
  • Initiativrik og evne til å engasjere born i leik, både ute og inne
  • Tek ansvar, er fleksibel, sjølvstendig og engasjert 
  • Gode kommunikasjons-  og samarbeidsevne både med voksne og barn
  • Evner til å organisere og strukturere det pedagogiske arbeid for å skape ein god kvardag på avdelinga
  • Vere løysningsorientert og endringsvillig
  • Stabil og god helse som er forenelig med å jobbe i barnehagen
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt

Vi tilbyr

  • Lønn etter tariffavtaler
  • Gode pensjonsvilkår gjennom KLP
  • Ein spennande og allsidig jobb med stor påvirkningskraft
  • Engasjerte og utviklingsorienterte kollegaer
  • Ved rekrutteringsutfordringar vil det blir vurdert om arb.gjevar skal dekke utgifter til husleige med inntil kr.10 000/mnd og om det eventuelt skal brukast tilleggsansiennitet

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: Offentleg tenestepensjon for nytilsette Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.  
 

Kontaktinformasjon

Joachim Fiskarstrand Røbekk, Einingsleiar, +47 46411179

Arbeidsstad

Maråkvegen 54
6216 Geiranger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune

Referansenr.: 4804514048
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Geiranger skule og barnehage, Stranda kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og  treningssenter.

Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.

Webside https://www.stranda.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage
Sted GEIRANGER (Adresse: Maråkvegen 54 Postnr: 6216)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 08-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/9647e694-71eb-4b47-9d7e-8bed3106074a
IMPORTAPI