Job Description

Published 06-05-2024
Deadline: 22-05-2024

 

Fagarbeidar/assistent – vikariat

Sunnylven barnehage er ein kommunal barnehage som ligg  på Hellesylt, like ved Bygdetunet og brannstasjonen. 
Barnehagen er godkjend for 42 plassar og har to avdelingar. 
Våre opningstider er kl. 07.00 – 16.15

  • I tida  05.08.24 – 31.12.24 har vi ledig vikariat som fagarbeidar i 100% stilling
  • I tida 05.08.24 – 06.07.25 har vi ledig 40% stilling som fagarbeidar/assistent

Det må gå fram av søknaden kva stilling den gjeld, evt om den gjeld begge stillingane. 

Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju.

Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal lastast opp som vedlegg til søknaden. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.

Arbeidsoppgåver

  • Ha omsorg for det enkelte barn og barnegruppa
  • Planlegge, gjennomføre, dokumentere og evaluerer det pedagogiske arbeidet i samarbeid med pedagogisk leiar
  • Vere ein god rollemodell og bygge gode relasjonar med kollegaer, barn, føresette og andre instansar
  • Bidra til eit trygt og godt lærings- og arbeidsmiljø for barn og kollegaer
  • Legge til rette for godt samarbeid med heimane

Kvalifikasjonar

  • Relevant fagbrev/anna relevant utdanning
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Ved mangel på søkjarar med relevant fagbrev/utdanning  kan også andre søkjarar med  praksis frå arbeid med barn  bli vurderte for tilsetting 

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevne, sjølvstendig og fleksibel
  • Evne til å kommunisere, rettleie og motivere
  • Har helse som er forenleg med ein aktiv og stabil barnehagekvardag
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: Offentleg tenestepensjon for nytilsette. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.  

Kontaktinformasjon

Hilde Langlo Brekke, Einingsleiar, +47 46411844, hilde.brekke@stranda.kommune.no

Arbeidsstad

Ringdalsvegen 21
6218 Hellesylt

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune

Referansenr.: 4811421214
Stillingsprosent: 100, 40%
Vikar
Startdato: 05.08.2024
Søknadsfrist: 22.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sunnylven barnehage, Stranda kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og  treningssenter.

Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.

Webside https://www.stranda.kommune.no
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted HELLESYLT (Adresse: Ringdalsvegen 21 Postnr: 6218)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 2
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse 05-08-2024
Søknadsfrist 22-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f61f9b3f-092f-41f4-a313-bc1722542d30
IMPORTAPI