Job Description

Published 23-04-2024
Deadline: 12-05-2024

 

Fagarbeidar

Vår barnehage har for tida 48 plassar fordelt på 3 avdelingar.
Fokusområde hjå oss er inkluderande leikemiljø, fysisk og psykisk helse samt friluftsliv.
Det er ca 25 tilsette ved oppvekstsenteret, omtrent halvparten av dei i barnehagen.

Oppvekstsenteret ligg flott til mellom omsorgssenter, camping, daglegvarebutikkar og Dale kyrkje ved Lustrafjorden. Me har fleire fine turområder nær oss, eit godt fagmiljø og me er opptekne av barn sine rettar. 

Vår visjon:
Luster oppvekstsenter – ein god stad å vere, leike og lære.

Stillingsinformasjon

  • Luster oppvekstsenter avd barnehage søkjer etter fagarbeidar 100 % fast frå 01.07.2024

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning som fagarbeidar i barne- og ungdomsfaget og gjerne relevant erfaring
  • Annan relevant utdanning/kompetanse kan vurderast

Personlege eigenskapar som vert vektlagde

  • auge for det einskilde barn
  • tydeleg vaksenperson som både er omsorgsfull og kan setje grenser
  • har god leikekompetanse saman med barn både ute og inne
  • gode samarbeidsevner
  • vere fleksibel og skape gode relasjonar til både born, foreldre og medarbeidarar
  • fleksibel og løysingsorientert i ein travel kvardag
  • kjenner seg heime i visjonen vår
  • ønskje om å bidra positivt i arbeidsmiljøet vårt 
  • evne til å lære noko nytt og utvikle ny gjerekompetanse innanfor arbeidsfeltet

Me kan tilby

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Andre opplysningar 

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Luster kommune Luster oppvekstsenter orgnr:
Kort om arbeidsgiver Luster oppvekstsenter har skule for 1-7.klasse, SFO og barnehage.
Skulen er tredelt med 1.-2.klasse, 3.-4.klasse og 5.-7.klasse.
SFO føl skuleåret.
Barnehagen har to avdelingar og er godkjent for 36 barn i alderen 0-5 år. Frå hausten 2022 får me i tillegg ei ny, mellombels avdeling.

Luster oppvekstsenter ligg sentralt og flott ved Lustrafjorden i bygda Luster, 45 km frå Sogndal og 15 km frå kommunesenteret Gaupne.

Webside
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted LUSTER (Adresse: Lustravegen 3300A Postnr: 6872)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/df82d6d2-add7-4b1d-b918-ce8e165e0977
IMPORTAPI