Job Description

Published 02-05-2024
Deadline: 31-05-2024

 

Fagingeniør histologi og cytologi 

Vi har ledig vikariat i 100% stilling som fagingeniør histologi og cytologi ved laboratorium for patologi i avdeling for laboratoriemedisin f.o.m 01.06.24.
Stillinga er ei dagstilling. På patologi jobbar det fagansvarlige ingeniørar og fagingeniørar i dagstilling. Nyutdanna vert oppforda til å søkje på denne stillinga.

Ved intern tilsetjing, vil det kunne bli ledig anna stilling på patologi. Skriv om dette er av interesse i søknaden.

Oppstartsdato etter avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i laboratoriet sitt rutinearbeid
  • Betening og vedlikehald av medisinsk teknisk utstyr
  • Delta i laboratoriets kvalitets-og forbedringsarbeid
  • Rullering av arbeidsprogrammer innen flere fagområder
  • Delansvar for fagområdet histologi og cytologi.
  • Stedfortreder for fagansvarlig histologi og cytologi ved korttidsfravær og ferie.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer ein bioingeniør med norsk autorisasjon
  • Kompetanse og erfaring innan patologi er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Gode kommunikasjonsferdigheter i norsk, muntlig og skriftlig
  • God kunnskap i og forståing av generelle IT- verktøy 
  • Det vil bli lagt stor vekt på om søkjaren er personlig skikka for stillinga og viser vilje til å ta ansvar

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • trives med å arbeide i eit tverrfaglig miljø og meistrar eit høgt tempo
  • har høg arbeidskapasitet, motivasjon og interesse for fagfeltet
  • bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • har god faglig vurderingsevne, arbeider målretta, strukturert og nøyaktig
  • er god til å sjå kva som må gjerast, tilbyr og mottar hjelp
  • tåler å stå i krevande situasjoner

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Triveleg arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar
  • Eit laboratorium og eit fagområde under utvikling
  • Ein arbeidsplass som er ein inkluderende arbeidsliv-bedrift (IA- bedrift)
  • For å kunne vurdere fortrinnsrett til stillinga, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden 

 

Mangfaldserklæring 
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

Kontaktinformasjon

Rita Danielsen Tyse, Funksjonsleiar, +47 53491094

Arbeidsstad

Karmsundsgt. 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4798078456
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 31.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Patologi, Helse Fonna HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

Webside
Bransje Industri og produksjon
Yrke Elektro/elektronikk
Sted HAUGESUND (Adresse: Karmsundsgt. 120 Postnr: 5528)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/b6da1d53-b457-4082-b234-88df291c44b0
IMPORTAPI