Job Description

Published 06-05-2024
Deadline: 22-05-2024

 

Faglærar i helse- og oppvekstfag

Undervisningsstilling, 100%
Askøy vgs er ein kombinert vidaregåande skule, lokalisert i Kleppestø.

Me har flytta inn i nye lokale med eit mangfald av mogelegheiter. 
Skulen vil i skuleåret 2024-25 ha kring 600 elevar fordelt på Bygg-og anleggsteknikk, Elektrofag, Helse-og oppvekstfag, Studiespesialisering og Teknologi og industrifag. 

Skulen vil ha eit tett samarbeid med Askøy kommune om bruken av auditorium/kultursal og plass til elevar i vaksenopplæringa.

Arbeidsoppgåver

Undervisning i programfaga innanfor helse- og oppvekstfag med vekt på helsefag

Anna elevretta arbeid

Planlegging, gjennomføring og evaluering av opplæring

Samarbeid i lokalt læringsfellesskap

Samarbeid med eksterne aktørar

Bidra til komeptanseutvikling – både pedagogisk og fagleg

Vere pådrivar i arbeidet med å utvikle kompetanse innan velferdsteknologi

Kvalifikasjonar

Godkjent yrkesfaglærerutdanning/praktisk pedagogisk utdanning innan programfaga 

Undervisningskompetanse innan helsefag

God munnleg og skriftleg framstillingsevne

God digital kompetanse

Personlege eigenskapar

Søkjar må ha gode samarbeidsevner, ha fokus på relasjonsbyggjing og ha eit ønske om å delta i et læringsmiljø med digitale omgjevnader

Ha eit positivt elevsyn

Personlege eigenskapar og gode kommunikasjonsevner vil bli lagt særlig vekt på

Den vi tilset må vere tydeleg og strukturert

Vi ønskjer oss ein kollega som er utviklingsorientert, har gode samarbeidsevner og legg vekt på dialog for å utvikle eit godt fagmiljø saman med andre på skolen

Den som blir tilsett må ha gode kunnskapar og interesse for bruk av IKT i opplæringa

Vi tilbyr

Eit spanande, godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø

Moglegheiten til å vere med på å utvikle fagtilbodet etterkvart som vi auker elevtallet i nytt bygg

Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
Nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader

Krav om politiattest av nyare dato

Atterhald om overtallige frå andre skoler

Askøy vgs flytta inn i nye lokalar høsten-23 og ny rehabilitert del våren -24, noe som gjør skolen til et fremtidsretta spanande arbeidsstad 

Kontaktinformasjon

Åse Stensland, avdelingsleiar, 93468232

Arbeidsstad

 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4811417289
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver ASK – Avd. HO, Vestland fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.
Webside vestlandfylke.no
Bransje Utdanning
Yrke Videregående skole
Sted KLEPPESTØ (Adresse: Postnr: 5300)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 22-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f74e095a-a8e2-4482-a6d4-80e86a19d1d7
IMPORTAPI