Faglærarar – BØMLO VGS, Vestland fylkeskommune

Education Videregående skole

(2 weeks ago)

Job Description

Published 23-04-2024
Deadline: 09-05-2024

 

Faglærarar

Undervisningsstillingar elektro og maritimefag

Bømlo vidaregåande skule har inntil 2 ledig stillingar innan elektro og maritimefag frå 1. august 2024.

Skulen har eit elevtal på omlag 400 elevar og 60 tilsette. Skulen tilbyr følgjande utdanningsprogram:

Studiespesialisering, Påbygging til generell studiekompetanse, Elektro og datateknologi, Helse- og oppvekstfag, Teknologi- og industrifag, Naturbruk, Tilrettelagte grupper og Kombinasjonsklasse. Skulen ligg i Bømlo kommune og har heilt nye lokalar.

Ved skulen har vi inntil 2 ledige stillingar frå 1. august 2024:

 

Arbeidsoppgåver

Undervisningsstilling maritime fag
Vi søkjer ein person med relevant utdanning og erfaring innan maritimefag. Fagskule, ingeniørhøgskule, yrkesfaglærarutdanning og/eller relevant praksis.
God kjennskap til gjeldande regelverk.

Undervisningsstilling elektro/automasjon
Vi søkjer ein person med relevant utdanning og erfaring innan elektro og/ eller automasjon. Fagskule, ingeniørhøgskule, yrkesfaglærarutdanning og/eller relevant praksis.

Kvalifikasjonar for stillingane

Det er krav til pedagogisk utdanning (PPU). Kandidatar som manglar PPU og har kompetansen me lyser ut etter kan bli vurdert.

Ved manglande formell pedagogisk kompetanse kan skulen legge til rette for å gjennomføre pedagogisk utdanning.

Vi søkjer etter lærarar med brei fagleg kompetanse og som set eleven i sentrum og har evne til å skape gode læringsarenaer.

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Det er krav om politiattest.

Kompetanse
God kjennskap til digitale verktøy og evne til å setje seg inn i nye verktøy.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Kjennskap til relevant lov- og avtaleverk.

Personlege eigenskapar

God til å lede elevane si læring

God til å tilpassa deg ulike læringssituasjonar

God til å tenkja nytt og vera endringsvillig

God til å sjå samanhengar og reflektera over eigen praksis

God til å samarbeida og arbeida i team

Vi tilbyr

Me kan tilby eit godt og triveleg arbeidsmiljø på ein flott skule med tett samarbeid med næringslivet.

Godt kollegasamarbeid og delingskultur. Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk.

Andre opplysningar:
I følgje offentleglova §25.2.ledd, kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste.  Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom dette vert gjort.

Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk.

Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar.

Kontaktinformasjon

John Ivar Alvsvåg, avdelingsleiar, 91747118

Arbeidsstad

Austbøvegen 16
5420 Rubbestadneset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4804945940
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2024
Søknadsfrist: 09.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver BØMLO VGS, Vestland fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.
Webside https://www.bomlo.vgs.no/
Bransje Utdanning
Yrke Videregående skole
Sted RUBBESTADNESET (Adresse: Austbøvegen 16 Postnr: 5420)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-08-2024
Søknadsfrist 09-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/da0db3d6-7550-4880-ab54-33c80aa33b3e
IMPORTAPI