Fengselsbetjentar/1078 Betjent – Ålesund fengsel

Security and readiness Politi, fengsel og toll

(2 weeks ago)

  • ÅLESUND
  •  Post Date: 14. April 2024
  •  Expire date: 1. May 2024
Job Description

Published 14-04-2024
Deadline: 01-05-2024

 

Fengselsbetjentar/1078 Betjent

Om stillinga

Ved Ålesund fengsel er det ledig  fast 100 % stilling som fengselsbetjent.  Vi har og behov for 1078 betjentar som har ynskje om å jobbe som tillkalling  i mellombels stilling ved fengselet. 

Ein fengselsbetjent har ansvar for dei innsette og tilsette sin tryggleik, innhaldsarbeid, innhenting og vurdering av informasjon og saksbehandling. Fengselsbetjenten skal ha evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konflikthandtering og i tillegg vere ein samtalepartnar, kontaktbetjent, rollemodell og rettleiar for dei innsette, og delta i målretta progresjonsarbeid med innsette.

Ålesund søker 2 faste fengselsbetjenter i 100% stilling

Arbeidstida er i turnus med vakter morgon, ettermiddag, helg og natt. 

Arbeidsoppgåver

  • avdelingsteneste i turnus med daglege oppgåver knytte til innsette
  • mottak og kontroll av alle inn og utgangar frå fengselet
  • følgetjeneste/vakthold
  • bistand med framstillingar
  • ta del i den faglege og sikkerheitsmessige utviklinga på fengselet
  • kontaktbetjentarbeid, soningsplanlegging, miljøarbeid og programarbeid
  • vere ein aktiv medspelar i utviklinga av det faglege og tryggleiksarbeidet ved avdelinga
  • arbeide etter måla i tildelingsbrevet
  • utøve tjenesten i henhold til lov-og regelverl på ein etisk forsvarleg måte slik at ro, orden og sikkerheit blir overholdt

Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.

Utdanning og erfaring

For å kunne verte tilsatt som fengselsbetjent må du ha

  • bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS
  • god kunnskap og erfaring i bruk av IKT – system eller verktøy
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • førerkort klasse B, manuelt gir

Som 1078 betjent må du ha

  • bestått vidergåande og eller oppfylle krav for inntak til utdanningssenteter på KRUS 
  • god kunnskap og erfaring i bruk av IKT – system eller verktøy
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • god fysikk
  • førerkort klasse B, manuelt gir

Som 1078 betjent må du kvalifisere deg i 5 modular for fysisk maktanvending. Opplæringa blir gitt av godkjente instruktørar i Ålesund fengsel. 

 

Personlege eigenskapar

  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • evne til å jobba sjølvstendig, målretta og systematisk med målgruppa
  • evne til å søkje gode løysingar for den enkelte, i samspel med kollegaer, leiing og eksterne samarbeidspartnarar
  • tolmod, ansvarsfull, å kunne setje grenser og ha evna til å motivere menneske i vanskelege livssituasjonar
  • takle og stå i krevjande situasjonar

Vi tilbyr

  • meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • godt arbeidsmiljø, trygge ledere og gode kollegaer
  • Stilllinga lønnast i stilingskode 0264 fengselsbetjent ltr 41-57  kr. 443 000- 557 100.   1078 betjent ( uten fengselskole) vert lønna  ltr  25-41 kr. 374 000-443 000, innplassering etter ansiennitet. Stillinga er turnus og kompanserast med skifttillegg. I tillegg vert det kompensert for helg, kveld- og nattarbeid i høve til tariffavtaleverket.
  • Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon

Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.  

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. 
 

Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til Elinda Erstad fungerande fengselsleiar tlf. 70118343

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ålesund fengsel orgnr: 974736926
Kort om arbeidsgiver

Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.

Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.

 

Webside
Bransje Sikkerhet og beredskap
Yrke Politi, fengsel og toll
Sted ÅLESUND (Adresse: Kippervikgt. 16 Postnr: 6003)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 3
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 01-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/b28cc7a6-3371-403d-95a2-b76143054b50
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/260813