Ferievikar i Helse og velferd, Måløy  – Kinn kommune

Health and social care Health

(1 month ago)

  • MÅLØY
  •  Post Date: 24. March 2024
  •  Expire date: 30. April 2024
Job Description

Published 24-03-2024
Deadline: 30-04-2024

 

Ferievikar i Helse og velferd, Måløy 

   

Arbeidsoppgåver

Fast tilsette i Helse og velferd avviklar hovudferie i perioden 20.06.2023 – 21.08.2023, og då ynskjer vi deg som ferievikarar i tenesta vår. Viktig å merke seg at dei som kan arbeide heile eller størsteparten av perioden vil bli prioritert. Du må oppgje kva tidsrom du kan jobbe frå dato – til dato. Fint om du vil prioritere kva teneste du ynskjer å jobbe i (t.d. 1 Kulatoppen, 2 Legekontor,3 heimetensta, 4 miljøtenesta). Dersom du søkjer fleire stadar og/eller har høve til å arbeide før eller etter den fastsette perioden må du opplyse om dette i søknaden. Er det periodar i ferien du ikkje kan arbeide i, må du opplyse om dette i søknaden. Dersom du ynskjer å fortsette som vikar etter sommaren er det mulighet for det.

Kvalifikasjonar

–       autoriserte sjukepleiarar/studentar
–       autoriserte vernepleiarar/studentar
–       autoriserte hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar/elevar
–       andre med interesse for arbeidsfelta
–       legesekretær

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som er strukturert, likar å ha ansvar og tek  ansvar. Du likar å jobbe i team, er fleksibel, kreativ og løysingsorientert. Du bør vere fylt 18 år (17 år på institusjon) og beherske norsk skriftleg og muntleg. Det er ein fordel om søkjarar til heimetenesta har førarkort, men ikkje naudsynt for jobb i alle soner. Ved tilsetting blir det kravd politiattest

 

Vi tilbyr

 

-Muligheit til å bli kjent med spennande framtidige yrker

-God opplæring for nytilsette og opplæring i avdeling samt relevant fagmateriell

-Engasjerte kollegaer og eit godt fagmiljø

-Tariffløn og særskild avløning dersom du er under utdanning til relevant høgskule/ universitetsutdanning.

 

Kontaktinformasjon

Rakel Garnes, Tenesteleiar Måløy avlastning, 41922879, rakel.garnes@kinn.kommune.no
Anita Brandal Solberg, Tenesteleiar Måløy heimeteneste, 91815678, anita.solberg@kinn.kommune.no
Jeanette Jensen, Vikarierande tenesteleiar, 97960915, jeanette.jensen@kinn.kommune.no

Arbeidsstad

Gate 1 64
6700 Måløy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune

Referansenr.: 4790048286
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.04.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kinn kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Kinn kommune blir den åttande største kommunen i nye Vestland fylke med våre 17.500 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi 1600 tilsette og eit mål om “tidenes kompetanseløft”. Kinn er ein kommune med delt kommunesenter. Det betyr at vi har lik fordeling av toppleiarstillingar mellom Måløy og Florø.

Webside http://www.kinn.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Helse
Sted MÅLØY (Adresse: Gate 1 64 Postnr: 6700)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 20
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 30-04-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/55d3e0ac-bf8e-4378-8851-6fb5fd76f277
IMPORTAPI