Job Description

Published 14-01-2022
Deadline: 15-02-2022

 

Ferievikar som heimehjelp i Svelgen/Davik området

Org. nr: – Stillingsident: 4469116879 Presentasjon av stillingen:

Vi søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte medarbeidarar for sommaren 2022 .

Vi søkjer om medarbeidarar som heimehjelp.

Arbeidsoppgåver

I heimetenestene i Svelgen og Davik søkjer vi deg som er motivert, engasjert, kan arbeide sjølvstendig og er ein interessert medarbeidar. Arbeidet kan også innhalde rettleiing, hjelp til pleie -og ivareta dei daglege funksjonane til tenestmottakarane.

Søkjarane må ha sertifikat til bil og gjerne moglegheit til å nytte privat bil.
Du må kunne nytte norsk munnleg og skriftleg godt, då kommunikasjon med tenestemottakarar og kollegear er ein stor og viktig del av arbeidet

Kvalifikasjonar

Vi søkjer personar med erfaring frå pleie og omsorg, gjerne ferdig utdanna — eller under utdanning innen helse — og sosialfag. Personar med interesse for helsefaget er positive og arbeidsvillege — er òg hjartleg velkomne til å søkje.

Den som vert tilsett må kunne nytte norsk munnleg og skriftleg godt, då kommunikasjon og dokumentering er ein viktig del av arbeidet.

Vi tilbyr

Vi kan tilby utfordrande og spanande arbeidsoppgåver i godt arbeidsmiljø ilag med erfarne kollegar. 

Løn

Høgskulestudentar under relevant utdanning, lønnar Bremanger Kommune over tariff.

Etter fullført godkjent utdanning vert ein lønna som fagpersonell som ellers i kommunen.
Tilsetjing skjer etter gjeldande lover og reglar.

Hovudferieavviklinga vår er veke 25-32. Vi ynskjer at sommarvikarane arbeider minimum 4 veker i løpet av sommaren. Dei som får tilbod om arbeid må arbeide i alle fall i vekene; 28,29,30 og 31.

Alle som får tilbod om arbeid må legge ved godkjent politiattest. Dette må vere i orden før ein startar i sommarjobben.

Det kan også vere aktuelt å forlenge engasjementet vidare utover året eller i helgane.

Kontaktinformasjon

Hilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, 95989310

Arbeidsstad

6723

Søk på stillinga:Klikk her

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:Bremanger kommune

Referansenr.:4469116879
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 15.02.2022

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Open omsorg indre, Bremanger kommune orgnr: 876674882
Kort om arbeidsgiver

Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med ca. 3.600 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sosial
Sted SVELGEN (Adresse: Postnr: 6723)
Stillingstype Feriejobb Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 15-02-2022


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6a3d6276-8e58-4773-91a7-c29f1ea6e4e8
XML_STILLING

Ledig stilling: Ferievikar som heimehjelp i Svelgen/Davik området - Open omsorg indre, Bremanger kommune