Job Description

Published 16-04-2024
Deadline: 04-05-2024

 

Fysio- og ergoterapitenesta søker etter

Sunnfjord kommune har 22 500 innbyggarar, og ligg i Vestland fylke. Eining fysio/ergoterapi har 22 tilsette, fordelt mellom arbeidsstadane Førde, Naustdal, Sande og Skei. Tenesta består av fysioterapeutar, ergoterapeutar, og serviceteknikarar med ansvar for hjelpemiddel.

Sunnfjord kommune har og 7 driftsheimlar for privatpraktiserande fysioterapeutar, fordelt på fire ulike institutt i Førde. Fysioterapeutar med kommunal driftsavtale yter fysioterapi som ein del av kommunen sitt totale fysioterapitilbod og helseteneste. Vi har eit godt fagmiljø, med mange dyktige og engasjerte fagpersonar.

Sunnfjord kommune har ledig eitt 100 % driftstilskot for fysioterapeut, frå 01.08.24.

Driftstilskotet er lokalisert ved Centrum fysioterapi i Førde, og er ein solopraksis.

Tildeling og overdraging vil skje i henhald til  ASA 4313. Driftsavtalen vert også regulert av den til ei kvar tid tid gjeldande ASA 4313. Praksisen skal drives etter lov om kommunale helse- og omsorgstjenester, Forskrift om funksjons- og kvalitetskrav for fysioterapeuter med kommunal driftsavtale, ASA 4313 og kommunens planverk for helse- og omsorgstjenester.

Arbeidsoppgåver:

Ny avtalefysioterapeut skal utøve fysioterapipraksis som følger relevant helselovverk, og på dei vilkår som kjem fram av ASA 4313. Dette medfører kunnskapsbasert undersøking og vurdering, individuell- og gruppebehandling, samt rehabilitering. Fysioterapeuten skal ha eit ope behandlingstilbod til innbyggarane, og kunne tilby oppfølging av alle aldersgrupper. Det må vere eit tett samarbeid med andre aktuelle instansar, og pasienten må følgast på dei arenaer som er nødvendig for eit godt og heilskapleg pasientforløp. Kommunen er praksisarena, og det vert derfor oppfordra til å rettleie fysioterapistudentar i praksis. Det vert også forventa at fysioterapeuten bidreg til utvikling av fysioterapitenesta i Sunnfjord kommune

 

Kvalifikasjonskrav:

  • norsk autorisasjon som fysioterapeut
  • gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, tilsvarande nivå B2 eller betre
  • kompetanse og brei erfaring innan allmenn fysioterapi, spesielt til eldre pasientar
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • ha tverrfagleg kompetanse og evne til samhandling med andre
  • heilskapleg rehabiliteringsperspektiv, og kompetanse og erfaring innan aktiv rehabilitering og treningsterapi
  • gyldig politiattest som ikkje er eldre enn tre månader

Det er ønskeleg at du:

  • har vidareutdanning med kompetanse og interesse innanfor nevrologi og geriatri, med det er ikkje eit krav til stillinga
  • har faglege kvalifikasjonar, vidareutdanning og kurs med relevant fagkompetanse vert lagt vekt på
  • har erfaring og kunnskap om å drive sjølvstendig næringsdrivande fysioterapipraksis
  • kan gjere greie for samla erfaring og kompetanse, eigne fysioterapifaglege interesseområder og planar for vidare fagleg utvikling
  • har førarkort klasse B
  • har god kjennskap til kommunehelsetenesta, og til relevant lovverk og nasjonale føringa

Du søker elektronisk.

 

Velkommen som søkar!

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sunnfjord kommune Fysio- og ergoterapitenesta orgnr:
Kort om arbeidsgiver Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.
Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Psykologer og terapeuter
Sted Førde (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Annet Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 04-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/4322e28e-6653-424d-b1f0-02d640957c05
IMPORTAPI