Job Description

Published 03-04-2024
Deadline: Snarest

 

Gloppen Hotell søker servitør med hjarte for godt vertskap

Vi søker ditt smil og hjelpande hender. Gloppen Hotell er kjent for sin gode mat, avkoblande omgjevingar og personlege service. Vi ønsker at våre gjestar skal oppleve godfølelsen hos oss. Som servitør er du sentral i gjesteopplevinga og møte med gjesten.

Vi søker deg som:

  • likar å vere der det skjer og er fleksibel.
  • brenn for godt vertskap og blir motivert av gode tilbakemeldingar.
  • trivast med å ha mykje å gjere heller enn lite, men er kreativ i stille periodar.
  • er ein lagspelar, men kan jobbe sjølvstendig og ta ansvar.
  • snakkar skandinavisk og er god på kommunikasjon.
  • synes det er greit at arbeidstidene vil variere.
  • interesse for mat og drikke.

Vi tilbyr deg:

  • gode moglegheiter for å vekse i stillinga.
  • god opplæring og varierte arbeidsoppgåver.
  • medlemsfordelar i kjeden, Classic Norway Hotels.
  • delaktig i vidareutvikling av hotellet.
  • å bli del av eit hotell-team som har fokus på å spele kvarandre gode.

Kan du tenke deg å jobbe hos oss ? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat.

Vi gler oss til å høyre frå deg!

Smil frå team-Gloppen Hotell 🙂

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Gloppen Hotell orgnr: 973458531
Kort om arbeidsgiver

Gloppen Hotell har tradisjonar tilbake til 1829. Hotellet ligg i Nordfjord i hjartet av Fjord Norge og er kjende for vår prisvinnande lokalmat, store aktivitetstilbod og laksefiske. Hotellet er i stadig utvikling og vi søker no etter ein ny, motivert kollega som vil vere med i eit dynamisk, ungt og utviklingsorientert team.

Webside https://www.gloppenhotell.no
Bransje Reiseliv og mat
Yrke Restaurant
Sted SANDANE (Adresse: Sørstrandsvegen 16 Postnr: 6823)
Stillingstype Sesong Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Ikke oppgitt
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist Snarest


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/65cb62b7-27b3-4be8-9eea-3d97b84a5fa4
Stillingsregistrering