Job Description

Published 24-10-2023
Deadline: Unknown

 

Helgestilling Masfjorden bu- og aktivitetssenter

Om stillinga

Kan du tenkje deg å arbeide i vårt bu- og aktivitetssenter på Hosteland? Her har me godt tilrettelagte bueiningar, eigen aktivitetsavdeling og gode personalfunksjonar. Masfjorden kommune har fokus på løysingar som gjev brukarane mest mogeleg styring over eige liv, og satsar difor aktivt på velferdsteknologi. 

Me har ledige helgestillingar med arbeid kvar 6.helg, men ved ønskje kan det vere oftare. 

Arbeidstida er fredagar, laurdagar og sundagar. 

Arbeidsoppgåver

  • Gje tilrettelagde tenester til brukarane i samsvar med vedtak og plan for den enkelte 
  • Planlegge og gjennomføre felles aktivitetar 

Kvalifikasjonskrav miljøarbeidar

  • Miljøterapeut, helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar. Studentar og ufaglærte kan også søke 
  • Relevant erfaring ynskjeleg 
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. For framandspråklege er det krav om bestått norsk nivå B1 

Krav til personlege eigenskapar

  • Du har gode evner til kommunikasjon, samarbeid og teamarbeid 
  • Du er sjølvstendig i arbeidet 
  • Du er tolmodig, ansvarsfull, tydeleg og strukturert 
  • Du er fleksibel i forhold til oppgåveløysing 
  • Du viser initiativ til å skape ein innhaldsrik og aktiv kvardag for brukarane 

Me tilbyr

  • Løn etter tariff 
  • God pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring 
  • Spennande fagleg arbeid som utfordrar og utviklar 
  • Eit godt arbeidsmiljø med mykje moro 

Politiattest

Den som vert tilsett må leggja fram politiattest ikkje eldre enn 3 månader. 

Slik søkjer du

Søk elektronisk via heimesida til kommunen eller send søknad på denne sida.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Masfjorden kommune orgnr: 983644872
Kort om arbeidsgiver

Masfjorden bu- og aktivitetssenter 

Masfjorden bu- og aktivitetssenter ligg på Hosteland. Her har me godt tilrettelagte bueiningar, eigen aktivitetsavdeling og gode personalfunksjonar. Masfjorden kommune har fokus på løysingar som gjev brukarane mest mogeleg styring over eige liv, og satsar difor aktivt på velferdsteknologi. Saman med oss er du med i fronten av utviklinga. 

Masfjorden bu- og aktivitetssenter har turnus med langvakter på inntil 14 timar, og gode friperiodar mellom arbeidsøktene. Me kan også leggje til rette for ordinære vaktlengder. 

Masfjorden kommune er i gong med prosjektet TØRN der me ser på organisering og oppgåvefordeling i omsorgtenesta. Korleis med fordelar oppgåvene og nyttar helsefagarbeidaren sin kompetanse er ein viktig del i dette arbeidet. 

Webside https://www.masfjorden.kommune.no/
Bransje Utdanning
Yrke SFO, barne- og fritidsleder
Sted HOSTELAND (Adresse: Hosteland Postnr: 5986)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist Unknown


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/bb67190e-672e-440f-829d-039d0312ce0d
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/252516