Helsefagarbeidar – helg – Heimetenesta, Gloppen kommune

Health and social care Health

(2 weeks ago)

  • SANDANE
  •  Post Date: 18. April 2024
  •  Expire date: 10. May 2024
Job Description

Published 18-04-2024
Deadline: 10-05-2024

 

Helsefagarbeidar – helg

Kunne du tenkje deg å bidra til å gje pasientane trygg, heimebasert omsorg? Heimetenesta Sandane søkjer etter ein dyktig, engasjert og pliktoppfyllande helsefagarbeidar til helgestillingar med arbeid tredje kvar helg! 

Vi legg vekt på godt arbeidsmiljø og god kvalitet på tenestene.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre pleie/omsorgssoppgåver ut frå brukaren sine behov og vedtak
  • Legemiddelhandtering
  • Velferdsteknologi
  • Utføre praktisk hjelp ved behov
  • Dokumentasjon

Kvalifikasjonar

  • Vi ser etter deg som har norsk autorisasjon som hjelpepleiar/helsefagarbeidar
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Førarkort for personbil

Personlege eigenskapar

  • Du er ein person som er lærevilleg
    Du er ein person som kan jobbe sjølvstendig men og samarbeide godt.
    Du er glad i menneske og har omsorg og empati.
    Du må like variert arbeid og vere open/fleksibel 

Vi tilbyr

  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Fagutvikling gjennom e-kurs og liknande
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale

For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding

Kontaktinformasjon

Kari Ann Krogh, Avdelingsleiar Sandane heimeteneste, 970 26 442
Cecilie M. Helgheim, Tenesteleiar heimetenesta, +47 472 60 601

Arbeidsstad

 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune

Referansenr.: 4797654060
Stillingsprosent: 20%
Fast
Søknadsfrist: 10.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Heimetenesta, Gloppen kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord – Sandane lufthamn – ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Gloppen har god barnehagedekning og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Her er eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra både som årets kulturkommune og årets musikkommune.
Webside http://www.gloppen.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Helse
Sted SANDANE (Adresse: Postnr: 6823)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 10-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/dbca4e80-44ca-4387-bd0c-f7b0a5bb4087
IMPORTAPI