Job Description

Published 21-04-2024
Deadline: 13-05-2024

 

Helsefagarbeidar i bufellesskap

Ved Tilrettelagte tenester, for tida ved avdeling Hellemyra Bufellesskap, er det frå snarast ledig 100% fast stilling i turnus m/arbeid kvar 4. helg. 

Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene består av 8 bufellesskap og 2 dagsenter.
Hellemyra Bufellesskap, som ligg i Eikelandsosen, er eit bufellesskap med 5 tenestemottakarar med ulike bistandsbehov, i hovudsak personar over 18 år. I tillegg har bufellsskapet ansvaret for oppfølging av heimebuande tenestemottakarar.

Arbeidsoppgåver
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. “Kva er viktig for deg”, skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar.
Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Stillinga i turnus er for tida i kombinasjon av dagvakt, langvakt ( kveld/natt) i vekedagar og med langvakter på helg (kombinasjon kveld/natt)

Kvalifikasjonar
Du har autorisasjon som helsefagarbeidar men søkjarar som har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, søkjarar er under helsefagleg utdanning, eller har relevant erfaring og kompetanse, er og ønskjeleg. Det vert lagt stor vekt på dine personlege eigenskapar, og kjennskap til brukargruppa er ein fordel.

– skaper gode relasjonar, tillit og tryggleik
– ønskjer å vera ein del av eit spanande arbeidsmiljø.
– ønskjer utfordringar
– er oppteken av å ivareta borna som om dei er dine eigne
– er sjølvstendig og har opparbeida deg gode samarbeidsevner.
– lyttar med respekt.

Vi tilbyr 

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester orgnr: 973958100
Kort om arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Helse
Sted OS (Adresse: Rådhuset, Torggata 7 Postnr: 5200)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 13-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/eba8f9d3-3580-4179-b992-07a993d6ac84
IMPORTAPI