Helsefagarbeidar institusjon – Aurland kommune

Health and social care Health

(3 weeks ago)

  • AURLAND
  •  Post Date: 9. April 2024
  •  Expire date: 1. May 2024
Job Description

Published 09-04-2024
Deadline: Unknown

 

Helsefagarbeidar institusjon

Om stillinga

Me har ledig eit vikariat i 100% stilling som helsefagarbeidar ved Aurland helsetun frå snarast. Helsetunet har 24 plassar fordelt på tre avdelingar, korttid/langtid, sjukeheimsavdeling og avdeling for personar med kognitiv svikt. Vi har lyse og trivelege omgjevnader med gode fasilitetar og utstyr. Her har vi eige kjøkken, der det blir laga god og næringsrik tradisjonsmat frå botnen av.

Aurland helsetun er organisert under  kommunalområde helse og omsorg. Det er om lag 30 tilsette ved institusjonen. 

Me jobbar etter årsplan, som blir laga etter ynskje frå dei tilsette så langt det let seg gjere.

Håpar at du vil bu i den fine kommunen vår, passar det likevel ikkje for deg, så søk stillinga likevel. Me kan prøve å tilpasse vaktene slik at du kan pendle.

Arbeids- og ansvarsområde

  • varierte arbeidsoppgåver mellom anna som primærkontakt
  • faglege oppgåver som: medikamenthandtering etter delegering frå avdelingsleiar, 
  • sårstell etter opplæring
  • miljøarbeid og aktivitetar med pasientane
  • samarbeide om og fylgje opp tiltaksplan
  • vurdering og kartlegging av behov
  • dokumentering og rapportering i journalsystemet Visma profil
  • rådgjeving og rettleiing til assistentar
  • tverrfagleg samarbeid med andre som fysioterapaut, heimesjukepleien, o.a.

I tillegg kan avdelingsleiaren og sjukepleiarane delegere fleire interessante oppgåver.

 

Me tilbyr

  • ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad 
  • bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum 
  • løn etter etter tariff
  • ekstra laurdag og søndagstillegg (+ kr 10 over tariff)
  • funksjonstillegg til praksisrettleiar
  • gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen 
  • gratis inngang til symjehallen
  • hjelp til å skaffe bustad 
  • hjelp til å skaffe jobb til partnar 

Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår  her.

Kvalifikasjonar

  • Du må ha fagbrev som helsefagarbeidar, eller tilsvarande utdanning, men andre kan også søkje. Du bør ha erfaring frå arbeid med brukargruppa, men god opplæring blir gitt om du er nyutdanna
  • Du bør kommunisere og snakke godt norsk

Personlege eigenskapar

Me søkjer deg som er motivert til å jobbe innan eldreomsorg, og er engasjert og interessert i faget. Me søkjer deg som er fleksibel og løysingsorientert. Me legg stor vekt på personlege eigenskapar og er opptatt av gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, at du tek initiativ, og har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team. Me vonar du har godt humør, er til å stole på, og er engasjert.  Likar du å arbeide i eit godt arbeidsmiljø med nye utfordringar,  og i tillegg brenn for faget – då ynskjer me deg velkomen på laget vårt.

Verdiane våre er:  L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.  

Løns- og tilsetjingsvilkår

  • tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg, eller langvakter kvar 4. helg. Dette etter ditt ynskje 
  • krav om politiattest etter helse- og omsorgstenestelova av nyare dato

Krav til språk

Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.

Generell informasjon 

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. 

Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. 

Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.

 

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Aurland kommune orgnr: 983788599
Kort om arbeidsgiver

Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1780 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.

På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurantar, kaféar, bryggeri, og bakeri.

 

Webside https://www.aurland.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Helse
Sted AURLAND (Adresse: Vangen 1 Postnr: 5745)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist Unknown


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/b57c042a-a485-41db-99ef-0e08380975d5
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/260232