Helsesekretær sommervikar! – Merkantil Hjerte- og lungeavdeling Haugesund Helse Fonna HF
Health and social care Health(1 month ago)
Job Description
Published 24-03-2024
Deadline: 16-06-2024
Helsesekretær sommervikar!
Hjerte- og lungepoliklinikken består av to poliklinikkar som deler merkantilt personale. Dei merkantile medarbeidarane er plasserte ved ulike arbeidsstasjonar og skifter stasjon i samsvar med fastlagde planar. Hjerte- og lungepoliklinikken er kjenneteikna ved høg aktivitet, inkludert polikliniske timar, hastepoliklinikk og utgreiingspoliklinikk. På desse poliklinikkane arbeider det merkantilt personale i tverrfaglege team saman med lege, sjukepleiar og helsefagarbeidar. Vidare er det eit nært samarbeid mellom poliklinikkane, Hjertepost, Lungepost og Medisinsk intervensjons- og behandlingsavdeling (MIO).
Ynskjer du å vere med i teamet vårt denne sommaren? Vi ser fram til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Innkalling/timeoppsett til polikliniske konsultasjonar og elektive innleggingar på post.
- Assistere og vere ein støttefunksjon for behandlarar og postar.
- Svare på førespurnader frå pasientar, pårørande og behandlarar, både i skranken og på telefon.
- Registrerings- og dokumentasjonsarbeid.
- Rapportering og kvalitetsikring av pasientdata.
- Forefallende administrasjonsoppgåver.
- Arbeidsoppgåvene er fordelte på ulike arbeidstasjoner og merkantile rullerer mellom stasjonar etter oppsette planar.
- Merkantile kan bli tildelt spesialoppgaver etter behov.
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsesekretær, men søkarar med anna utdanning/erfaring frå liknande arbeid kan vera aktuelle.
- Erfaring frå elektronisk pasientjournal DIPS og/eller DIPS Arena er ønskeleg.
- Erfaring med timebestilling/booking.
- Meistrar norsk skriftleg og munnleg.
- Det blir i tillegg sett krav til gode datakunnskapar, løsningorientert og evne til å jobba systematisk med fokus på presisjon og kvalitetssikring.
- Personlege eigenskapar blir lagt vekt på.
Hos oss er det viktig at du
- Er nøyaktig, ansvarbevist og sjølvstendig.
- Behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
- Kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Har interesse for fagfeltet, tilpassar deg lett, er løysingsorientert og fleksibel.
- Held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeider stabilt under press
- Trivst med å arbeida i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- Er god til å sjå kva som skal gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp.
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå.
- Oppfølging og opplæring.
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø.
- Ein spanande, meningsfull og utfordrande jobb.
- Fagleg utvikling gjennom fagdager
- Lønn i samsvar med gjeldsande overeinskomst
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA).
- Medlemskap i pensjonsordning, 2 % pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Dersom ønske om førerett må dette oppførast i søknaden.
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Trude Fjeld, Funksjonsleder, 41863982, trude.fjeld@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4790085898
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 17.06.2024
Sluttdato: 18.08.2024
Søknadsfrist: 01.01.0001
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Merkantil Hjerte- og lungeavdeling Haugesund Helse Fonna HF orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
|
Webside | https://www.helse-fonna.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Helse |
Sted | HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528) |
Stillingstype | Feriejobb Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 17-06-2024 |
Søknadsfrist | 16-06-2024 |