Job Description

Published 01-05-2024
Deadline: 20-05-2024

 

Helsesjukepleiarar

Vil du bli ein del av teamet vårt?

Me søkjer helsesjukepleiarar til 2 stillingar i avdeling Helsestasjon- og skulehelseteneste.

  • 100 % vikariat ledig frå snarast og tom. 31.12.24.
  • 100 % prosjektstilling ledig frå snarast og tom. 31.12.24. Me håpar å forlenga denne stillinga ved å søkja overføring og nye tilskotsmidlar i 2025.

Helsestasjonane og skulehelsetenesta i Kvam er organisert under Oppveksteininga. Me har helsestasjon og skulehelseteneste i Ålvik, Øystese, Norheimsund og Strandebarm. To vidaregåande skular, helsestasjon for ungdom, helsestasjon for flyktningar og reisevaksine.

Vil du vite meir om tenestene våre finn du dette på heimesida vår https://www.kvam.no/tenester/helse-og-omsorg/helse/helsestasjon-og-skulehelsetenesta/

Arbeidsoppgåver

Stillingane er knytt til arbeid i helsestasjon-og skulehelsetenesta i Kvam herad. Stillingar som helsesjukepleiar inneber eit spennande og tverrfagleg samarbeid med foreldre, barn, ungdom og ulike fagpersonell.

Som helsesjukepleiar må du rekna med noko arbeid utanfor ordinær arbeidstid, som foreldremøter i barnehage og skule.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsesjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg 
  • Du må kunne disponera bil
  • Røynsle, interesse og kompetanse frå arbeid som helsesjukepleiar er ei føremon
  • Du må kunne arbeida sjølvstendig, vera fleksibel og samarbeida godt
  • Rettleiing  – at du tenkjer nytt og jobbar målretta med utfordringar 

Den som vert tilsett, må leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar. 

Personlege eigenskapar

  • Engasjement, pågangsmot og godt humør
  • Evne til å skapa tillitsfulle realsjoner med foreldre, barn og samarbeidspartar
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og tverrfagleg
  • Me vektlegg at du kan visa til gode resultat når det gjeld kommunikasjon, samarbeidesevne, og fleksibilitet
  • Er kreativ og løysingsorientert
  • Har ei målretta og strukturert arbeidsform
  • Raus og inkluderande
  • Er open for endringar
  • Deler og aukar kunnskap, spelar kvarandre gode
  • Vera pådrivar og innstilt på innovasjon, utviklings-og endringsarbeid både i avdelinga og organisasjonen

Vi tilbyr

  • Spennande stilling med barn og unge
  • Tverrfagleg samarbeid med ulike faggrupper 
  • Godt fagleg miljø og engasjerte kollegaer 
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

 

Generell informasjon

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette. 

Kontaktinformasjon

Torill Høyland, Leiar for helsestasjon og skulehelseteneste, +47 917 11 245

Arbeidsstad

Grovagjelet 16
5600 Norheimsund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 4795023130
Stillingsprosent: 100%
Vikar, Engasjement
Søknadsfrist: 20.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Helsestasjon-og skulehelseteneste orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger.
Berre ein times køyring via Kvamskogen – eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Norheimsund er regionsenteret i kommunen og her kan du oppleva «bygda med bypuls», handlegate, strandveg og bystrand. Les meir

Webside http://www.kvam.kommune.no
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted NORHEIMSUND (Adresse: Grovagjelet 16 Postnr: 5600)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/21383758-db5e-41c1-a752-30dd1aab9d3c
IMPORTAPI