Job Description

Published 09-05-2024
Deadline: 29-05-2024

 

HR-konsulent

Er du engasjert og kunnskapsrik innan personal og HR-faget? Ønskjer du å bruke kompetansen din til å gjere ein positiv skilnad i helsevesenet? 

Helse Møre og Romsdal er fylket sin største arbeidsgjevar og vår HR-avdeling yter service av høg kvalitet innan HR, arbeidsrett og personalforvaltning til leiarane i føretaket. Vi skal bidra til å utvikle føretaket slik at vi kan møte morgondagen sine krav og rammer i spesialisthelsetenesta.

Vi søkjer HR konsulentar til HR-seksjonen – eit av dei største fagmiljøa innan HR og personalområdet i fylket. HR-seksjonen er inndelt i tre team ut frå arbeidsområde. Er du framoverlent og ønskjer å gjere kolleger og leiarar i helseforetaket gode, då kan du vere den vi treng på laget vårt!

Dei ledige stillingane er i HR-konsulentteamet:

  • 100% fast stilling frå snarast. 
  • 80-100% vikariat frå snarast inntil 1 år. Det kan verte høve til vidare tilsetting i vikariat eller fast stilling.

Arbeidstad er i Ålesund, men vi bistår alle lokasjonar og sjukehus i føretaket. Vi har stort fokus på digitalisering og standardisering av oppgåver, og du skal vere ein ambassadør for helseføretaket sine kjerneverdiar som er tryggleik, kvalitet og respekt. Vi har eit trivelig og hektisk arbeidsmiljø der medarbeidarar med ulik bakgrunn og kompetanse utfyller kvarandre, deler kunnskap og samarbeider på tvers. Vi vektlegg å yte god service med eit smil og positiv innstilling. 

Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast som vedlegg til søknad/CV.

Arbeidsoppgåver

  • Rettleiing og bistand til leiarar i samband med utlysing og tilsetjingsprosessar
  • Utarbeiding og registrering av arbeidsavtalar
  • Registrering av tilsettingstilhøve, til dømes lønsforhold og andre endringar
  • Saksbehandling etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Kontinuerlig forbedring og utvikling av arbeidsflytar og rutinar
  • Opplæring av leiarar på teamet sine arbeidsfelt
  • Delta i ulike arbeidsgrupper både lokalt og regionalt 
  • Oppgåvene vil endre seg i takt med digitalisering og øvrige endringar i organisasjonen

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på bachelornivå
  • God kunnskap om saksbehandling, offentleg forvaltning og aktuelt lovverk
  • God systemforståelse og IT-kompetanse
  • Du har gode ferdigheiter i både norsk skriftleg og munnleg, og er klar og tydelig i språket ditt
  • Erfaring med arbeidsoppgåver knytt til HR og løn, kan vere ein fordel
  • Kjennskap til systema Elements, Tieto Personal, Webcruiter er ein fordel
  • Særleg omfattande og relevant erfaring kan oppvege for mangel på formell kompetanse

Personlege eigenskapar

Vi vektlegg desse personlege eigenskapane:

  • Struktur – du arbeider nøyaktig, systematisk og effektivt, og du legg planar som andre kan følge
  • Fleksibilitet – du kan tilpasse deg endringar i løpet av dagen og veka når det er behov for det
  • Sjølvstendig – du trives med å ha sjølvstendig ansvar for egne oppgåver, og du er god til å drive arbeidet ditt framover
  • Relasjonsskapande – du oppnår lett tillit og er ein trygg samarbeidspartnar for både leiarar og kolleger
  • Problemløysande – i møte med utfordringar fokuserer du på å finne gode løysingar for alle partar
  • Framtidsretta – du trives og er van med å drive utviklings- og forbedringsarbeid
  • Endringsvillig- du tek initiativ til og tilpassar deg endringar i organisasjon, systembruk og oppgåveløysingar
  • Innovativ – evne og lyst til å drive med kontinuerleg forbedringsarbeid

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • God opplæring og kollegastøtte
  • Eit godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre
utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt
kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og
oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre
degLes meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Nina Cathrin Garshol, HR-sjef, 99649870, Nina.Cathrin.Garshol@helse-mr.no

Arbeidssted

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4810763351
Stillingsprosent: 100, 50%
Fast, Vikariat
Startdato: 01.09.2024
Søknadsfrist: 29.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver HR-seksjonen, Helse Møre og Romsdal HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Personal, arbeidsmiljø og rekruttering
Sted ÅLESUND (Adresse: Åsehaugen 5 Postnr: 6017)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-09-2024
Søknadsfrist 29-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/48722b00-618c-47f7-a887-1063342bd705
IMPORTAPI