ID 2178 Sjukepleiar – Heimebaserte tenester – Stord kommune

Health and social care Nurse

(2 weeks ago)

  •  Post Date: 16. April 2024
  •  Expire date: 5. May 2024
Job Description

Published 16-04-2024
Deadline: 05-05-2024

 

ID 2178 Sjukepleiar – Heimebaserte tenester

Det er ledig fast 75% stilling i nattpatruljen, for autorisert sjukepleiar

På natt jobbar man både sjølvstendig og i team. Det er både faste oppdrag og alarmar som skal handterast. Me har fokus på velferdsteknologi og god kvalitet på tenestene innanfor gitte rammer. Det er oppstart med årsturnus i 2025 og du får moglegheit til å påverka årsturnusen din ved innvolveringskjema.

Arbeids- og ansvarsområde:

Me gir helsehjelp etter vedtak til kommunen sine innbyggarar. Me søkjar deg som gir av deg sjølv, og som bidrar til eit godt arbeidsmiljø. Du er ein positiv og løysningsorientert person som likar å holde deg fagleg oppdatert. Du må like å jobbe på natta og legger vekt på eit godt samarbeid mellom brukar, pårørande og tenestene. Du må trivast med varierande utfordringar og handtere uforutsette situasjonar.

Kvalifikasjonskrav:

  • Autorisert sjukepleiar
  • Førarkort klasse B
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Erfaring med fagsystemet Profil er ein fordel
  • Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato
  • Det leggast vekt på personlege eigenskapar

Me kan tilby:

  • Sjukepleiarar i Heimebaserte tenester vert lønsplasserert inn, kr 25.000 over hovudtariffavtalens gjeldande garantilønssatsar
  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
  • Godt arbeidsmiljø
  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

Offentlig tenestepensjon i KLP – Kort fortalt

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktperson: Einingsleiar Gina Kittilsen tlf: 975 52 169

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Stord kommune orgnr: 976672755
Kort om arbeidsgiver

Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 05-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/af71f451-b931-411d-a9bc-d538a7b9e2b2
Stillingsregistrering