Job Description

Published 30-04-2024
Deadline: 26-05-2024

 

ID 2183 Badevakt – Eining for kultur

Det er ledig fast deltidsstilling som badevakt i bassenget i Stord kulturhus. Stillinga er på 24% med arbeid annakvar veke.

På grunn av samansetjinga av badevaktlaga (ei kvinne og ein mann på kvart lag) søkjer me etter ei kvinne

Arbeids og ansvarsområde

  • Badevakt basseng

Kvalifikasjonskrav:

  • Gode symjeeigenskapar
  • Dukka og henta opp dokke eller partnar frå 4 meters djup
  • Føra i land person og direkte gjennomføra hjarte- og lungeredning på øvingsdokke
  • Undersøkja medvitslaus og medviten person
  • Behandla sår og sårskadar
  • Søkjar må vera over 18 år og snakka godt norsk
  • Glad i å omgåast menneske
  • Ha godt humør og vera sørvisinnstilt

Det blir gitt årleg obligatorisk livredningsprøve (teoretisk og praktisk)

Sjå elles: https://stord.kulturhus.no/symjehallen

Kontaktperson: Herdis Elin Belsvik tlf 53496950 / 97552213

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Stord kommune orgnr: 976672755
Kort om arbeidsgiver

Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.

Webside
Bransje Sikkerhet og beredskap
Yrke Vakt-, sikrings- og kontrollarbeid
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 26-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c55a06cd-498d-4b61-aca5-45ffd7eea8fe
Stillingsregistrering