ID 2185 Danselærar – Eining for kultur – Stord kommune

Education Primary School

(2 weeks ago)

  •  Post Date: 30. April 2024
  •  Expire date: 26. May 2024
Job Description

Published 30-04-2024
Deadline: 26-05-2024

 

ID 2185 Danselærar – Eining for kultur

Stord kulturskule er ein frivillig skule som har ei rekke tilbod om undervisning innan musikk, dans, teater, parkour, musikkterapi og visuelle kunstfag. Det meste av undervisninga er lagt til ettermiddagstid og er i Stord kulturhus eller i Osen 6, sentralt i Leirvik sentrum.

Kulturskuletilbodet rettar seg i hovudsak mot born og unge i alderen 0 — 20 år, men skulen har ingen aldersgrense, og er difor open for alle. Kulturskulen har fast fellestid for alle tilsette to dagar i veka. Undervisninga er i hovudsak lagt til ettermiddagstid og det er elevar i alle aldrar, også vaksne. Lærar har tilgang til arbeidsrom/kontor i tilknyting til undervisningsrommet. Stord kulturskule har 550 elevplassar og 16 tilsette og skulen er organisert under Eining for kultur.

Stord kulturskule har frå 10.08.2024 ledig 100 % fast stilling for allsidig danselærar med hovudvekt på ballet.

I tillegg bør lærar kunna undervisa i jazz og moderne.

Det er ei forventning om at lærar tek ansvar for planlegging og gjennomføring av ulike framsyningar og prosjekt, både aleine og i samarbeid med kulturskulen sine andre lærarar. I tillegg til ordinær undervisning, vil noko av arbeidstida verta lagt til helg, i samband med konsertar, framsyningar og liknande.

Arbeids- og ansvarsområde:

  • Førebu, gjennomføra og evaluera undervisninga
  • Kommunikasjon med føresette, elevar og samarbeidspartnarar
  • Arbeida aktivt med rekruttering av elevar
  • Bidra positivt og aktivt til utviklingsarbeid i fellesskap
  • Bidra til synleggjering av faget og kulturskulen generelt.

Kvalifikasjonskrav:

  • Det er ynskjeleg med bachelor i dans, eller anna relevant utdanning innan dans
  • Det er ynskjeleg med pedagogikk
  • Må beherske munnleg norsk/skandinavisk
  • Den som vert tilsett må leggje fram politiattest.

Personlege eigenskapar:

  • Du er initiativrik og har evne til å tenkje kreativt og utradisjonelt i utviklinga av kulturskulearbeidet
  • Du er sjølvstendig, målbevisst og engasjert
  • Du held deg fagleg oppdatert
  • Du har godt humør og er positiv i møte med elevar, forsette og medarbeidarar
  • Du er fleksibel og løysingsorientert
  • Du må gjerne vera nyutdanna
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt i tilsetjingsprosessen.

Me kan tilby:

  • Eit kreativt og hyggeleg fagmiljø med mogleikar for å påverka vidare utvikling av kulturskulen
  • Ein spanande og utfordrande stilling, med stor fridom innan gitte rammer
  • Disponerer eigen arbeidsplass i tilknyting til undervisningsrom/dansesal.
  • Godt arbeidsmiljø
  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.

Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje

Nærare opplysningar får du ved å venda deg til rektor/avdelingsleiar i Stord kulturskule, Gareth Whittaker, + 47 53 49 67 98 eller e-post: gareth.whittaker@stord.kommune.no

Ein finn meir informasjon om Stord kulturskule på www.stord.kommune.no/no/stordkulturskule

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Stord kommune orgnr: 976672755
Kort om arbeidsgiver

Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 26-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/1d592793-9ef1-4a57-a5fe-8760b9882795
Stillingsregistrering