Job Description

Published 05-05-2024
Deadline: 23-06-2024

 

Ingeniør/ Tekniker Isolasjon- og overflatebehandling (ISO- fag)

Leirvik si prosjekteringsavdeling har rundt 80 høgt kvalifiserte medarbeidarar med ulik bakgrunn, utdanning og fagområde. Vårt arkitektteam, som består av sivil- og interiørarkitektar, arkitektingeniørar og 3D/2D designarar, søkjer etter en ny ingeniør for isolasjon- og overflatebehandling (ISO-fag).

 

Arbeidsoppgåver

  • Designansvar for isolasjons- og overflatebehandling; utarbeide teikningar og prosedyrar
  • Tilbodsarbeid
  • Bidra til standardisering og konstruksjonsvennleg design
  • PRE (package responsible engineer) for ein eller fleire innkjøpspakker, spesielt innanfor isolasjon og overflatebehandling.
    • Utarbeiding av tekniske spesifikasjonar
    • Koordinering med andre disiplinar
    • Teknisk evaluering av leverandørtilbod
    • Tekniske avklaringar mot kunde
    • Godkjenning av leverandørdokumentasjon
    • Bestilling av materiell og utstyr
    • Inspeksjon og testing hos leverandør
    • Ansvar for oppfølging mot kost og plan
    • Input til prosjektdatabase
    • Vektrapportering
    • Assistanse ved varemottak
    • Lage grunnlag for jobbpakker
    • Oppfølging i byggefasen
    • Tett samarbeid med fabrikasjon

Kvalifikasjonar

  • Ingeniør eller Teknisk Fagskule – relevant erfaring (10 år eller meir) kan kompensera for manglande formell utdanning
  • Kjennskap til relevant regelverk og standardar som NORSOK C-001, C-002, M-004, S-001, S-002, IMO, DNV
  • Erfaring frå detaljprosjektering innan offshore, skip og/eller bygg
  • Erfaring med ulike isolasjonsløysingar for struktur, rør og HVAC, samt gjennomføringar
  • Erfaring med innkjøp av materiell og utstyr
  • Erfaring innan bruk av databaseverktøy
  • Kompetanse og erfaring innan bruk av 3D design verktøy (Autodesk Revit) er ein fordel
  • Gode norsk- og engelskkunnskapar både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Likar å jobbe i team
  • Systematisk og målretta
  • Løysnings- og resultatorientert
  • Fleksibel og evnar å jobbe under press
  • Kommersiell og strategisk
  • Gode kommunikasjonsevner

Me tilbyr

  • Eit trygt og godt arbeidsmiljø i “Leirvik-familien”
  • Ein spanande arbeidskvardag i lag med dyktige kollegaer
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Konkurransedyktige vilkår og tilbod om kjøp av ansattaksjar
  • Gode pensjons- og velferdsordningar

Kontaktinformasjon

Ingebjørg Hystad Berland, Manager Architect Engineering, +47 91867981
Stine Eide Halleraker, Senior HR-rådgivar, 93484910

Arbeidssted

Storhaugvegen 130
5416 STORD

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Leirvik AS

Referansenr.: 4810876700
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Leirvik AS, Engineering orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Leirvik AS er ei moderne verksemd med over 300 topp kvalifiserte medarbeidarar. Etter meir enn 50 år med bygging og vedlikehald av offshore bustadhotell, satsar me no i tillegg på nye område som akvakultur, infrastruktur og havvind.

Me har i dag eit breitt ingeniørmiljø som utviklar teknologi og løysingar som vert nytta for å byggja og vedlikehalda bustadhotell, både på eige verft på Stord og offshore. 

Det har vore eit krav til omstilling i heile vegen – og me har klart det takka vera ei kontinuerleg nyskapings- og entreprenørånd gjennom generasjonar.

Og det aller viktigaste; me har gode folk på alle plan!

Webside http://www.leirvik.com/home
Bransje Utdanning
Yrke Forskningsarbeid
Sted STORD (Adresse: Storhaugvegen 130 Postnr: 5416)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 23-06-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/44fde0ec-6a5c-4f04-9943-9b133273122c
IMPORTAPI