Job Description

Published 18-04-2024
Deadline: 13-05-2024

 

Jobb i Forsand SFO, 50% fast stilling

Har du lyst på ein spennande jobb på Forsand SFO? Forsand SFO har ledig 50% fast stilling. Me søker deg som trivst med barn, enten du er utan utdanning, fagarbeidar eller høgskuleutdanna. 
Forsand skule er ein 1-10 skule med 140 elevar og 34 tilsette, 3 av dei i SFO. Skulen ligg aust i Sandnes, om lag 50 minutt køyring frå Sandnes sentrum.
Skulen ligg naturskjønt til, med god boltreplass i skog, fjell og sjø. SFO-avdelinga disponerer eigne lokale med mykje utstyr og tilgong til symjehall og idrettshall. Barna skal oppleve leik og omsorg, kulturelle aktiviteter og læring – og ha godt tilsyn.
Satsingsområde på SFO er: Fysisk aktivitet og sosial kompetanse.

Arbeidsoppgaver

Gi barn omsorg og trygge rammer
Vere ein god rettleiar i leik og aktivitet
Bidra til at barna har eit godt skulemiljø
Gjennomføre og planlegge aktivitetar i barnegruppe
Delta i det praktiske arbeidet, som til dømes matlaging, aktivitetar og leik
Foreldrekontakt
Følge opp enkeltelevar med små og store hjelpebehov

Kvalifikasjoner

Relevant utdanning eller fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskeleg, men ikkje eit krav. Me tar gjerne imot deg som er høgskuleutdanna og!
Annan relevant kompetanse eller erfaring kan kompensere for manglande fagbrev/utdanning
Erfaring frå SFO/barnehage er ønskeleg, men ikkje eit krav
Kompetanse/erfaring med barn med særskilte behov er ønskeleg
Erfaring med uteaktivitet

Krav om norskferdigheter tilsvarande B2 nivå
Tilfredsstillande politiattest er ei føresetnad for tilsetting. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men leverast snarast etter tilbod om tilsetting og før tiltreding
I denne stillinga må du levere eigenerklæring for tuberkulose før tiltreding

Personlige egenskaper

Å vere personleg eigna vil bli vektlagt
Du har god relasjonskompetanse og er raus
Du må ha evne til å sjå rundt deg, løfte blikket og hjelpe til der det trengs
Du viser varme samstundes som du kan sette tydelege grenser og skape trygge rammer for barna
Du er strukturert, presis, pliktoppfyllande og god til å planlegge
Du er engasjert, tar ansvar og ønsker å bidra med din kompetanse
Du har godt humør og er god på samarbeid
Du bidrar til eit godt skule- og arbeidsmiljø

Du må trivast med å vere ute i all slags ver!

Vi tilbyr

Inkluderande kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
Ein spennande og aktiv kvardag
Ein arbeidsdag der du er med og bidreg positivt for barna på Forsand SFO
Fagleg utvikling og bidra til å forme innhaldet i SFO
Heim-jobb-heim avtale
Gratis symjing for alle tilsette i kommunale symjehallar
Gode pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Siri Haavardsholm , Avdelingsleiar SFO, 93890722, Siri.haavardsholm@sandnes.kommune.no
Sjur Atle Kleppa, Rektor, 91648848, sjur.atle.kleppa@sandnes.kommune.no

Arbeidssted

Espedalsvegen 156
4110 Forsand

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Sandnes kommune

Referansenr.: 4802585997
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.08.2024
Søknadsfrist: 13.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Forsand skule, Sandnes kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Sandnes kommune er kåret til Norges mest attraktive by i 2022. Visjonen vår er: “Sandnes – i sentrum for framtiden” og verdiene våre er “Romslig – Modig og Sunn”. Verdiene våre skal vise igjen hos den enkelte medarbeider og måten vi jobber på. 

Sandnes ligger sentralt på Nord-Jæren, og er blant Norges mest folkerike kommuner. Den består av etablerte storby- og tettstedsområder, og er en av fylkets største landbrukskommuner. Vi har idrettsmiljø i norgestoppen, et yrende kulturliv og vakre friluftsområder på rekke og rad. Kommunen kjennetegnes dessuten av et aktivt næringsliv og en sterk kulturhistorie. Sandnes er alt dette og mye mer!

Vi ønsker å være en arbeidsgiver som gjenspeiler mangfoldet i samfunnet. Derfor oppfordrer vi alle kvalifiserte til å søke – uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion, etnisitet eller hull i CV-en.
Vi gjør oppmerksom på at opplysninger om søker kan bli offentliggjort, selv om en har bedt om å bli unntatt offentlighet.

 
 
Webside http://minskole.no/forsand
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted FORSAND (Adresse: Espedalsvegen 156 Postnr: 4110)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-08-2024
Søknadsfrist 13-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/385e5574-33a5-4481-aed0-39637b5dd27a
IMPORTAPI