Job Description

Published 06-05-2024
Deadline: 26-05-2024

 

Konsulent EPJ-senteret

EPJ-senteret er lokalisert i Berg-senteret på Raglamyr i Avdeling for Helsedata, og jobber ut mot alle lokasjonar i Helse Fonna. Eininga jobber for at heilheten i arbeidsprosessar skal bli ivaretatt på tvers av system. EPJ-senteret har eit fagleg ansvar for oppgåver knytt til bruk av elektronisk pasientjournal og tilhøyrande applikasjonar. Mykje av arbeidet blir gjort regionalt med tett samarbeid med dei andre helseforetaka og private helseinstitusjonar i Helse Vest. EPJ-senteret er representert i mange ulike regionale prosjekt og grupper der løysingar blir diskutert på tvers av helseforetak. Noko reiseaktivitet må påreknast.

Vi har eit veldig godt og inkluderande arbeidsmiljø og ønsker deg velkomen til å søkje!

 

Arbeidsoppgåver

  • Optimalisering og forvalting av kliniske fagsystem
  • Systemansvar for pasientdatasystem med særleg fokus på journalsystemet DIPS
  • Prosjektdeltaking
  • Brukarstøtte og undervisning
  • Kvalitetsforbedringsarbeid
  • Rapportering til styresmakter, eigar og leiing i føretaket

Kvalifikasjonar

  • Sjukapleiar eller anna helsefagleg utdanning.
  • Erfaring frå arbeid i sjukehus og kompetanse på dei elektroniske pasientsystema som brukes i Helse Fonna er ønskeleg
  • Interesse for systemarbeid i kliniske system
  • Prosjekterfaring er ein fordel
  • Grunnleggande IKT-kompetanse
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg

Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning

Personlege eigenskapar

  • Må ha god struktur og kunne arbeide systematisk og nøyaktig
  • Gode kommunikasjonseigenskapar, skriftleg og munnleg
  • Må ha evne til å jobba sjølvstendig og i team, prioritere oppgåver og ta initiativ
  • Fleksibel
  • Gode samarbeidsevner
  • Tydeleg og løysingsorientert
  • Serviceinnstilt
  • Evne å sjå heilskap i arbeidsprosessar på tvers av system

Vi tilbyr

  • Ein interessant og utviklande arbeidsplass som har tverrfagleg kompetanse og høge ambisjonar
  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver
  • Moglegheit for utvikling innan eit bredt spekter av teknologi og tenester
  • Triveleg arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

Mangfaldserklæring

Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Elin Ulsund Hansen, Funksjonsleder EPJ-senteret, 97540658, elin.ulsund.hansen@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4811414580
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver EPJ-senter, Helse Fonna HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

Webside www.helse-fonna.no
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 26-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/db0682cb-e2b0-4da5-84d5-34ff1069f5ac
IMPORTAPI