Job Description

Published 18-04-2024
Deadline: 05-05-2024

 

Konsulent/førstekonsulent

Er du vår nye kollega? Vi er eit team på 12 medarbeidarar som har vår arbeidsplass i nytt fylkeshus i Bergen.

Vi handterer alt rundt lønsutbetaling til dei omlag 6000 tilsette i Vestland fylkeskommune.

Vi skal styrke laget vårt og vi skal sikre og utvikle god kompetanse på det løns- og HR-faglege området, både internt i eininga og som leiarstøtte til brukarane våre.

Arbeidsoppgåver

  • handtere lønnskøyring og fråvær for eigne einingar
  • handtere sjukefråvær og refusjonar frå NAV

Du vil også få oppgåver som til dømes:

  • utvikling av  rutinar og informasjon til einingane våre
  • pensjonsrapportering
  • reiserekningar og utlegg 
  • vere en sentral samspelspartnar med våre HR-rådgjevarar

Det er særs viktig at du kan arbeide sjølvstendig med løn frå A til Å. Vi ser etter deg som har god erfaring med å tilrettelegge opplæring og utarbeide rutiner for leiarar og tilsette. Gode kunnskapar innan fråvær- og refusjonarbeid vil også bli vektlagt.

Kvalifikasjonar

  • fagbrev i kontor- og administrasjonsfag og/eller fagskule innan løn/HR
  • god erfaring med å gjennomføre opplæring og rettleiing av leiarar i større og mindre grupper
  • god erfaring frå lønsarbeid og kunne handtere lønnskøyring for eigne einingar
  • kunnskap om lov- og avtaleverk innan løn og sjukefråvær, samt regelverk for reiseutlegg
  • gode datakunnskapar, særleg i Excel
  • god kjennskap til hovudtariffavtalen i kommunal sektor, spesielt løn for undervisnings- og miljøarbeidarstillingar
  • det er ein fordel om du er ein erfaren brukar av ulike løn- og personaldatasystem, digitale sjukmeldingar i løns- og personaldatasystem, elektronisk reiserekningssystem og har systemkunnskap knytt til desse løysingane
  • erfaring frå HR arbeid er eit pluss
  • det er ein fordel å ha kjennskap til fylkeskommunen si organisering.

Personlege eigenskapar

Du er:

  • serviceinnstilt
  • strukturert
  • påliteleg
  • sjølvstendig

Du har også høg arbeidskapasitet og arbeider godt i lag med andre.

Vi tilbyr

  • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • fleksibel arbeidstid
  • godt arbeidsmiljø, med ein høg delingskultur.

Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Dersom du har kompetanse på bachelornivå vil du bli innplassert som spesialkonsulent.

Ver merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Har du spørsmål eller ønskjer meir informasjon, send gjerne ein sms så tar vi kontakt med deg!

     

Kontaktinformasjon

Hanne Lin Øvsthus, leiar, 48024647

Arbeidsstad

Lars Hilles gate 22
5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4800699386
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver avdeling organisasjon og økonomi – løn orgnr:
Kort om arbeidsgiver Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.
Webside www.vlfk.no
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted BERGEN (Adresse: Lars Hilles gate 22 Postnr: 5008)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/70b568a3-3c3b-4bf3-afc2-8e27b5eb556b
IMPORTAPI