Lærar i norsk, eitt års vikariat. – Sotra vidaregåande skule

Education Videregående skole

(2 weeks ago)

  • STRAUME
  •  Post Date: 7. May 2024
  •  Expire date: 22. May 2024
Job Description

Published 07-05-2024
Deadline: 22-05-2024

 

Lærar i norsk, eitt års vikariat.

Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialiserande. Vi har i dag to skulestader, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca 150 vaksne elevar på ulike program.

Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle medverkar til fagleg og sosial utvikling. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ein læringsarena tufta på tillit og respekt for kvarandre.

Vi søkjer etter ein vikar i norsk i 60% stilling for skuleåret 2024 / 2025.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i norsk.
  • Tett oppfølging av einskilde elevar.
  • Skape og utvikle opplæringa i samarbeide med elevar, kollegaer og skuleleiing.
  • Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt.
  • Samarbeide med kollegaer om elevane si læring og utvikling. 

Kvalifikasjonar

  • Undervisningskompetanse i norsk, gjerne kombinert med andre fag.
  • Pedagogisk utdanning.
  • Ønskeleg med undervisningserfaring, men ikkje eit krav.
  • Gode IKT-kunnskapar.
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.

Personlege eigenskapar

  • Vi ønskjer søkjarar med eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for
    ungdom.
  • Du har stort engasjement for faget.
  • Du bidrar til elevane si faglege og sosiale utvikling.
  • Du er fleksibel og ser moglegheiter.
  • Du har gode samarbeidsevner.
  • Å vere eigna for arbeid med ungdom vil bli tillagt stor vekt.
  • Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre samarbeidspartnarar.

Vi tilbyr

  • Løn etter kvalifikasjonar.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
  • Gode moglegheiter til eiga læring og utvikling.
  • Du blir ein del av ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.
  • Trimgrupper for tilsette. 

Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Den som tilsetjast må legge fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Jaspreet Kaur Gloppen, avdelingsleiar, 41292347
Erik Henneli, Assisterande rektor, 95826077
Olav Lee, rektor                        , 93034370

Arbeidsstad

 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4811594788
Stillingsprosent: 60%
Vikar
Startdato: 01.08.2024
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 22.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sotra vidaregåande skule orgnr:
Kort om arbeidsgiver Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.
Webside
Bransje Utdanning
Yrke Videregående skole
Sted STRAUME (Adresse: Postnr: 5353)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-08-2024
Søknadsfrist 22-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ca8e1bb0-0b5f-4739-b49d-226d0a98ed5b
IMPORTAPI