Lærarstilling på Lye skule – Lye skule, Time kommune

Education Research work

(2 måneder ago)

  • LYE
  •  Post Date: 24. March 2024
  •  Expire date: 18. May 2024
Job Description

Published 24-03-2024
Deadline: 18-05-2024

 

Lærarstilling på Lye skule

Lye skule har frå 01.08.2024 behov for fleire lærarar med på laget. Me søkar deg som vil vera med på ein spennande arbeidskvardag, og vera med på utvikling av Timeskulen framover. Fokuset i alt me gjer er: Korleis fører arbeidet vårt til framgang i læring og utvikling for den enkelte eleven? 

Lye skule er ein 1-7 skule som ligg på Lyefjell, ca 5 km frå Bryne. Det er ca 300 elevar og 40 tilsette på skulen. I tilknytning til skulen er ein eigen idrettshall som er aktivt i bruk på dag og kveldstid. Lye skule har eit flott nærmiljø som er godt tilrettelagt for tur og uteskule. Lye skule arbeider for eit trygt og godt skulemiljø for alle elevane og er sertifisert Olweusskule. Skulen har eit godt og stabilt arbeidsmiljø med faglege, engasjerte og dyktige tilsette.

Visjonen til Lye skule er “Lye skule er ein god stad å vera og ein god stad å læra”. Me er opptekne av å sikra eit godt læringsmiljø der den enkelte elev vert teken på alvor og sett kvar dag. Me har tru på at god læring og trivsel skaper inkludering og at me lærar beste i fellesskap med andre. 

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og gjennomføre undervisning, og vurdere elevane si læring både fagleg og sosialt i tråd med LK20
  • Ha ein inkluderande praksis som er tilrettelagt for alle elevar
  • Arbeide i profesjonsfellesskapet, som blant anna inneber trinnsamarbeid, pedagogisk utviklingsarbeid med meir
  • Delta aktivt og engasjert i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid saman med kollegaer
  • Samarbeide med andre faginstanser når dette er aktuelt
  • Bidra til eit godt skule – heim samarbeid

Kvalifikasjonar

  • Allmennlærar, GLU 1-7 eller GLU 5-10. Andre søkarar med pedagogisk utdanning vil og bli vurdert, så lenge utdanninga er i tråd med krav i opplæringslov og forskrift til opplæringslov.
  • God digital kompetanse , alle tilsette og elevar nyttar læringsbrett i sitt daglege arbeid
  • God på samarbeid, og kan spela på lag med andre 
  • Ser og møter den enkelte elev der hen er, god på relasjonsbygging

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
  • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
  • Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
  • Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
  • Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen

Vi tilbyr

  • Eit kollegium som jobbar etter visjonen “Lye skule, ein god plass å vera, ein god plass å læra”. 
  • Eit kollegium som spelar på lag, og gjer kvarandre gode. 
  • Eit kollegium med god trivsel og godt humør. 
  • Eit kollegium som held seg fagleg oppdatert. 
  • Lønn etter tariff/avtale
  • Gode pensjonsordningar
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø

Aktuelle søkarar blir kontakta og intervjua fortløpande.

Kontaktinformasjon

Sigrid Hinnaland Kjetland, Rektor, +47 99046933

Arbeidsstad

Kvartsvegen 5
4347 Bryne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 4787985691
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2024
Søknadsfrist: 18.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Lye skule, Time kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

“Me skal gjera kvarandre gode” er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 19 500 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er rundt 1 500 personar som har Time kommune som sin arbeidsgjevar

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Webside http://www.time.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Forskningsarbeid
Sted LYE (Adresse: Kvartsvegen 5 Postnr: 4347)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-08-2024
Søknadsfrist 18-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/02667876-aa45-43cd-8e8d-0768e619c83a
IMPORTAPI