Open job position – Lærdal kommune Pleie og omsorg

Health and social care Social Services

(3 weeks ago)

  • LÆRDAL
  •  Post Date: 28. April 2024
  •  Expire date: 21. May 2024
Job Description

Published 28-04-2024
Deadline: 21-05-2024

 

Ledig stilling

 

Me har 30% fast stilling som brukarstyrt personleg assistent. Stillinga er hjå ei dame.

Stillinga kan kombinerast med 70% stilling i heimebasert omsorg slik at stillinga vert 100%. 

I tillegg treng me tilkallingsvikarar til same tiltak.

I stillinga vil du:

  • inngå i turnus saman med andre
  • arbeidstida er hovudsakleg på utvalde vekedagar frå kl 10.30-16.00
  • må pårekne noko vakter på ettermiddag/kveld ved planlagde reiser

Personlege eigenskapar og kvalifikasjonar:

Arbeidsoppgåvene er allsidige med både praktiske og personlege gjeremål. Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar som:

  • positiv haldning
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • fleksibilitet og løysingsorientert
  • evne og ynskje om å tileigne seg ny kunnskap og nytte dette aktivt i arbeidet
  • gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg, minimum B2
  • like å lage mat
  • rydding og erfaring med hushald
  • førarkort kl B

Me søkjer ein person som er positiv, motiverande og har godt humør. 

Me kan tilby:

  • opplæring
  • meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver
  • god pensjons- og forsikringsordning

Den som vert tilsett må leggje fram gyldig politiattest (ikkje eldre enn 3 månader). Politiattest skal ikkje leggjast ved søknaden, men ved tilsetjing.

Lønnsvilkår:

  • lønn etter tariff
  • pensjonsordning med 2 % innbetaling til KLP

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Lærdal kommune Pleie og omsorg orgnr: 976674618
Kort om arbeidsgiver I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.
Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sosial
Sted LÆRDAL (Adresse: Øyraplassen 7 Postnr: 6887)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 21-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/fdcf3f99-923f-4023-b29f-539c5e4ace90
IMPORTAPI