Open job position – Lærdal kommune Sogn LMS og helse

Health and social care Nurse

(2 weeks ago)

  • LÆRDAL
  •  Post Date: 24. April 2024
  •  Expire date: 20. May 2024
Job Description

Published 24-04-2024
Deadline: 20-05-2024

 

Ledig stilling

Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling.I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen.
Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv.
Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.

Lærdal kommune har ledig stilling 100% fast som sjukepleiar/paramedic ved Sogn lokalmedisinske senter. Stillinga vil vere i 3-delt turnus, med arbeid kvar fjerde helg. 

Sogn lokalmedisinske senter (Sogn lms) har ansvar for legevaktformidling (legevaktstelefon) for kommunane i Sogn (Vik, Sogndal, Luster, Årdal, Aurland og Lærdal).

Me er også legevakt for kommunane i Indre Sogn (Aurland, Årdal og Lærdal).

Krav til utdanning:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller utdanning som paramedic
  • Det er eitt krav med kurs i akuttmedisin, vald og overgrep for sjukepleiarar som jobbar på legevaktsentralen
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt
  • Vidare ynskjer me søkjarar med god norsk forståing
  • God formidlingsevne
  • Gode IKT-kunnskapar 

Arbeidsoppgåver:

  • Legevaktoperatør for kommunane i Sogn.
  • Legevaktsamarbeid i form av å bistå vakthavande lege med blodprøvetaking, EKG, assistere ved sying, sårstell m.m
  • Veilede pasientar/innringarar over telefon og videokonsultasjon  

Arbeidstid:

Dei tilsette jobbar tredelt turnus, med langvakter på 12 timar kvar fjerde helg. Nattevaktene er 10 timar i vekedagar og 11 timar på helg. 

Krav om politiattest, jf. Lov om helsetenester.

Me tilbyr:

  • Ein spanande og utfordrande jobb i eit godt arbeidsmiljø
  • Aktuelle kurs vert gitt ved oppstart i stillinga

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Lærdal kommune Sogn LMS og helse orgnr:
Kort om arbeidsgiver I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.
Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted LÆRDAL (Adresse: Øyraplassen 7 Postnr: 6887)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/b9792ed3-9861-4acc-9c88-c21959c06bae
IMPORTAPI