Job Description

Published 18-04-2024
Deadline: 10-05-2024

 

Ledige stillingar innan miljøarbeid i skule og kommunal barnehage

Vi treng nye medarbeidarar i skular og kommunal barnehage for skuleåret 2024/25.

Skulane i Gloppen har ledig nokre delstillingar for assistent/miljøarbeidar for komande skuleår. Stillingane vil i utgangspunkt vere tilsett på skuleår, med unntak for stillingar knytt til SFO. Dei mest aktuelle arbeidsstadane er Sandane skule og Nordstranda skule. Andre skular kan også bli aktuelle. Det er i utgangspunktet vikariat/mellombelse stillingar, men nokre kan verte faste.
 
Hyen barnehage har ei ledig mellombels delstilling som assistent komande barnehageår.
 

Vi oppmodar deg som jobbar i mellombels stilling i kommunen til å søkje på denne utlysinga. Gjer vel og prioriter arbeidsstad i søknaden.

Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåver i skulen

  • Arbeid på skulefritidsordning (SFO)
  • Arbeid med enkeltelevar eller i grupper
  • Arbeid på avdeling i barnehage

Kvalifikasjonar

  • For nokre av stillingane ynskjer vi relevant bachelor utdanning.
  • For andre stillingar søkjer vi primært etter fagarbeidar, men det kan bli aktuelt å vurdere andre bakgrunnar.
  • Kunnskap om teikn til tale/ASK vil vere ein fordel.
  • Praksis frå arbeid med barn.
  • Søkjar må vere stødig i norsk både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • Positiv innstilling til arbeid med barn med ulike hjelpebehov.
  • Fleksibilitet og engasjement.
  • Vilje og evne til å arbeide sjølvstendig og i team.

Vi tilbyr

  • Arbeidsplass med fokus på fag og utvikling.
  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer.
  • Løn etter tariff i samsvar med godkjend utdanning og praksis.
  • Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår med offentleg tenestepensjon i KLP.

For tilsetjing gjeld ei prøvetid på seks månader.

Det må leverast politiattest før tiltreding.

Kontaktinformasjon

Linn Kristin Øren, Rektor Sandane skule, 913 31 262
Elisabeth Sunde Andenes, Rektor Nordstranda skule, 958 69 279
Anne Kristin Risøy Eimhjellen, Rektor Hyen skule og barnehage, 924 07 655

Arbeidsstad

 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune

Referansenr.: 4801008141
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Søknadsfrist: 10.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Oppvekst, Gloppen kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord – Sandane lufthamn – ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

Webside http://www.gloppen.kommune.no/
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage
Sted SANDANE (Adresse: Postnr: 6823)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 10-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0df6f50d-1e61-4341-8d74-8ee73f942511
IMPORTAPI