Lege i Sandeid fengel – Vindafjord kommune Rus og psykiatri

Health and social care Doctor

(2 weeks ago)

  • ØLEN
  •  Post Date: 9. May 2024
  •  Expire date: 28. May 2024
Job Description

Published 09-05-2024
Deadline: 28-05-2024

 

Lege i Sandeid fengel

Me søker:

Lege i 30% fast stilling fom. 01.10.24, til helseavdelinga i Sandeid fengsel.

Helsetenesta i Vindafjord kommune har ansvar for å gje helsehjelp til innsette. Innsette i Sandeid fengsel er ei samansett gruppe og dei har ulike behov for helsetenester.

Sandeid fengsel ligg i Vindafjord kommune, ca. 1 times kjøretur frå Haugesund. Fengselet er kategorisert som eit ope fengsel med lav sikkerheit, og har kapasitet på 88 innsette.

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Konsultasjon med innsette 
  • Henvise og samarbeide med andre instansar
  • Fremme helse og førebyggja sjukdom og skade
  • Ansvarleg for å føreskrive legemiddel
  • Delta i teamarbeid
  • Legen er fysisk ein dag inne i fengselet, samt svarar opp digitalt på aktuelle problemstillingar dei andre dagane

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autoriasjon som lege

Personlege eigenskapar:

  • Må vere engasjert for å jobbe med innsette i fengsel
  • Fagleg oppdatert
  • Erfaring frå allmennmedisin
  • Må ha god evne til å skape gode samarbeidsrelasjonar
  • God i norsk munnleg og skriftleg

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Erfarne kollegaer
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Tilbod om gunstig mobilabonnement
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vindafjord kommune Rus og psykiatri orgnr:
Kort om arbeidsgiver Vindafjord kommune er sentralt plassert på Indre Haugalandet og grensar mot Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Vindafjord har ni bygder med ca. 8.850 innbyggjarar. Kommunesenteret Ølen ligg 5 mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune, har eit særs sterkt og variert næringsliv og ambisjon om å vera sentrum for Indre Haugalandet. Kommunen ligg strategisk til og har ei lang kystlinje både mot Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget. Saman med turstiar i skog og fjell, gjev dette gode høve til eit allsidig friluftsliv. Tenestetilbodet er godt utbygd både for born, unge og eldre.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/a2b46e8d-9ad2-4260-9d05-f2090447add9

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted ØLEN (Adresse: Rådhusplassen 1 Postnr: 5580)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 28-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/1a1d3060-8406-424c-a9fd-b9c53c5ebd95
IMPORTAPI