Job Description

Published 14-04-2024
Deadline: 05-05-2024

 

Lege i spesialisering (LIS2/3)

Medisinske legar er organisert i Klinikk Volda, og vi har 10 stillingar for overlege, 10 stillingar for LIS2/3 og 8 stillingar for LIS1.
Vi er ein indremedisinsk seksjon med akuttfunksjonar, og med spesialistfunksjonar innan gastroenterologi, kardiologi, endokrinologi, hematologi, geriatri og lungemedisin. Dette er eit godt fungerande kollegium av spesialistar og legar i spesialisering.
Opptaksområdet er Søre Sunnmøre med omlag 50 000 innbyggjarar.

Dersom du ynskjer å bli ein del av eit aktivt og interessant fagmiljø, har vi ledig:

  • 2 faste stilingar frå 01.06.2024
  • 1 vikariat frå snarast – 28.02.2025

Du finn Volda midt i det beste som Noreg kan by på av fjord og fjell. Her kan du oppsøke dei ville og vakre Sunnmørsalpane med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi tilbyr også eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit attraktivt studiemiljø ved Høgskulen i Volda. Det er gode kommunikasjonar med fleire daglege flysamband til Oslo og Bergen frå Ørsta/Volda lufthamn.

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for pasientar på medisinsk sengepost, poliklinikk og medisinske overvakingssenger på felles intensivavdeling
  • Mottak og vurdering av pasientar i akuttmottak
  • Delta i etablerte vaktordningar

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå indremedisinsk arbeid
  • Gode faglege kvalifikasjonar, engasjement og arbeidsglede
  • Godkjent LIS1

Personlege eigenskapar

  • Den som vert tilsett må meistre norsk språk skriftleg og munnleg
  • Evne og vilje til å arbeide tverrfagleg
  • Gode samarbeidsevner og personlege eigenskapar vert vektlagde

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Miriam Wiksnes, Seksjonsleiar, +4770058200, miriam.wiksnes@helse-mr.no

Arbeidssted

Kløvertunvegen 1
6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4799230929
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 05.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Medisinske legar Volda, Helse Møre og Romsdal HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted VOLDA (Adresse: Kløvertunvegen 1 Postnr: 6100)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 3
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f453136a-8af5-4e32-8009-6e4e715453d1
IMPORTAPI