Likar du å skriva? – Suldalsposten As

Kultur og kreative yrker Journalistikk og litteratur

(2 måneder ago)

  • SAND
  •  Post Date: 12. March 2024
  •  Expire date: 16. May 2024
Job Description

Published 12-03-2024
Deadline: Snarest

 

Likar du å skriva?

Er du samfunnsengasjert, glad i nyheiter og ordskifte, og likar du å formidla i ord og bilde? Då kan du vera den me leitar etter.

Me treng ein ny journalist på laget i Suldalsposten og har ledig stilling i 100 prosent frå snarast. Du tenkjer kanskje at du må vera utdanna journalist for å jobba i ein redaksjon? Det stemmer ikkje.

Me kan bruka deg som er vaken, som gjenkjenner ei nyheit når du ser den, som får det til med folk og som likar å ha det litt travelt på jobb. Du må kunna skriva på nynorsk, og du må lika digitale flater.

Førarkort er nødvendig, og jobben inneber noko jobbing på kveld og helg.

Tenkjer du nå at du ikkje leverer på alt dette? Tenk som mannfolk og søk likevel.

Me kan tilby den rette ein fantastisk og variert jobb, der ingen dag er lik, i eit lokalsamfunn der folk har eit sterkt og nært forhold til avisa si.

Har du spørsmål, er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt med redaktør Esther Moe, mobil 970 51 122.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Suldalsposten As orgnr: 974857723
Kort om arbeidsgiver

Suldalsposten er ei lokalavis i Ryfylke. Dekningsområdet vårt er primært Suldal kommune, og redaksjonen held til på kommunesenteret Sand.

Papiravisa vår kjem ut ein dag i veka og har eit opplag på ca. 2400, men på dei digitale flatene våre er me dagleg ute med oppdateringar.

Webside https://www.suldalsposten.no
Bransje Kultur og kreative yrker
Yrke Journalistikk og litteratur
Sted SAND (Adresse: Nordenden 2 Postnr: 4230)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist Snarest


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/8abfd658-f634-4c66-9681-f08499819df6
Stillingsregistrering