Løysingsarkitekt – Skyss

Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare

(2 weeks ago)

  • BERGEN
  •  Post Date: 18. April 2024
  •  Expire date: 5. May 2024
Job Description

Published 18-04-2024
Deadline: 05-05-2024

 

Løysingsarkitekt

Ønsker du ei sentral rolle i Skyss si mobilitetsutvikling som påverkar tusenvis av reisande kvar einaste dag?

Skyss har som mål å utvikle seg til ein mobilitetsaktør for å kunne levere på vår strategi innanfor berekraftig mobilitet for Vestland fylke. Gjennom datadrive produkt- og tenesteutvikling skal vi tilby berekraftig rørslefridom til våre kundar. For å få til dette blir det no gjort eit løft der vi byggjer opp ei organisasjon som skal bidra i denne spennande utviklinga. Vi tilset difor ein person som skal vere sentral i å nå dette målbiletet.

Vi søkjer ein samfunnsengasjert løysningsarkitekt som vil vere med å drive dette arbeidet vidare ved å innta ei sentral rolle i vårt arbeid med å etablere målarkitektur for Skyss, bidra i strategiske prosesser og med tenesteutvikling. Du vil inngå i eit lite fagmiljø og vere del av eit eller fleire produktteam med store moglegheiter til å påverke og sette retning for utviklinga av vår arkitektur. Fagmiljøet består både av dyktige interne medarbeidarar og konsulentar som bidrar med spesialistkompetanse.

Du vil bidra med å designe Skyss sin nye dataplattform i Azure Cloud med Databricks som sentrale verktøy og sette deg inn i forretningens domenespesifikke behov og oversette dette til tekniske løysninger. Du trenger ikkje å ha erfaring med løysingsarkitektur frå tidlegare, men du har gjerne utviklar erfaring.

For å lukkast i rollen, er det ein fordel med bakgrunn som utviklar i eit domeneorientert team. Då har du kanskje opplevd kva utfordringar ein strevar med og som kunne vore handtert av eit plattformteam.

Arbeidsoppgåver

  • Utvikle og forvalte Skyss sin digitale plattform saman med kollegaer i produktteam
  • Understøtte Skyss sine strategiske mål ved hjelp av målarkitektur
  • Vere pådrivar for utvikling og forbetringar som kan støttast av teknologi
  • Bidra til kompetanseheving og erfaringsoverføring i fagmiljøet
  • Fagleg støtte til leiinga

Kvalifikasjonar

  • Vi treng deg som har høgare utdanning på masternivå eller tilsvarande frå relevant fagområde
  • Kode (gjerne Python, eller SQL)
  • Erfaring med IaC, til dømes Terraform
  • Erfaring med moderne plattformverktøy som Databricks, Snowflake e.l.
  • Har arbeidd med utvikling av dataplattform og/eller utvikling av domeneorienterte tenester
  • Har god forståing for data- og informasjonsarkitektur
  • Har erfaring med ETL/ELT og rapportering/visualisering av data

Det er ein fordel (men ikkje eit krav) at du har kjennskap til:

  • Moderne produktorganisasjonar
  • Data- og hendingsdriven arkitektur
  • Domeneorientert design
  • Business intelligence, informasjonsforvaltning og/eller data science

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Har ein stil som motiverer andre, for i morgon må vi gjere det betre enn i dag
  • Kan kommunisere og argumentere strukturert og datainformert, både munnleg og skriftleg
  • Trivast med tverrfagleg arbeid
  • Er sjølvgåande og initiativrik
  • Er ein akselerator for at «ting blir gjort»

Vi tilbyr

  • Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
  • Eit engasjert arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer
  • Moglegheit for å utvikle seg fagleg 
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Lønn etter avtale
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
  • Arbeidsstad i Bergen, Leikanger eller Førde

Andre opplysningar

  • Kvalifiserte søkjarar utan mastergrad kan også bli vurderte, men då vil stillingstittelen bli justert i samsvar med kvalifikasjonar 
  • Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk
  • Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 måneder
  • Vi gjer merksam på at i høve til offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bede om unntak vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista blir offentleggjort.

Kontaktinformasjon

André Tangen, leiar, 91807390

Arbeidsstad

Lars Hilles gate 22
5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4800901569
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Skyss orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Om Skyss

Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke.

Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal.

Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 4 milliardar kroner.

Les meir om Skyss her: Jobb og karriere i Skyss

Webside skyss.no
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted BERGEN (Adresse: Lars Hilles gate 22 Postnr: 5008)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/8263b038-8d6f-4cb2-bfa2-848cf73c8e0c
IMPORTAPI