Job Description

Published 18-03-2024
Deadline: 31-12-2024

 

Maskinoffiserar – OPEN SØKNAD Arsvågen-Mortavika

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionér innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg
ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Er du ein maskinist og ynskjer å jobbe som vikar i friperiodar, eller er du pensjonist og vil ta å ta nokon vakter iblant?

Her kan du legge inn ein open søknad dersom våre andre stillingannonser ikkje passar deg akkurat no.

Skiftordning: Sjøvakt – 2 veker på og 2 veker av.

Alle søknadar blir behandla fortløpande, og aktuelle kandidatar blir kontakta.

Oppstart etter nærmere avtale.

Dersom du ynskjer å vere vikar også på andre samband i Fjord1 så finn du alle på våre heimesider.  

Arbeidsoppgåver

  • Teknisk leiar og skal sjå til at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerer i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
  • Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
  • Skal saman med skipsførar bidra til at trggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden
  • Sørge for opplæring av personell under si leiing
  • Oppgåver knytt til alarminstruks
  • Oppdatere og ajourhalde jobbskildringar i vedlikehaldssystemet og reservedel-oversikt
  • Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine teikningar og tekniske manualar
  • Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
  • Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
  • Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
  • Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
  • Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde
  • Kompetanse på energileiing ihht. kompetansebehov

Kvalifikasjonar

  • Minimum M2-sertifikat
  • Ferdigheitssertifikat vidaregåande IGF
  • FSE E-læringskurs
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Nordiske språkkunnskper muntlig og skriftlig

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
  • Godt humør
  • God kommunikasjonsevne
  • Serviceinnstilt
  • Fleksibel

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Gode velferdsordningar

Kontaktinformasjon

Elisabeth Wassberg Apalseth, Bemanningskoordinator, 90282072

Arbeidsstad

E39 90
 Bokn kommune

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 4783024947
Stillingsprosent: 100, 0%
Vikar
Søknadsfrist: 31.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Fjord1 – Maritim Drift, Fjord1 AS orgnr:
Kort om arbeidsgiver Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.

Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.

Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.

Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.

Webside http://www.fjord1.no
Bransje Transport og lager
Yrke Sjøfart
Sted FLORØ (Adresse: E39 90 Postnr: 6902)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/2fec27b0-4805-4f45-981c-53057367b9dc
IMPORTAPI