Maskinsjef MS Vision of The Fjords – cruise Oslofjorden – The Fjords

Transport og lager Sjøfart

(2 weeks ago)

  • OSLO
  •  Post Date: 17. April 2024
  •  Expire date: 3. May 2024
Job Description

Published 17-04-2024
Deadline: 03-05-2024

 

Maskinsjef MS Vision of The Fjords – cruise Oslofjorden

 

The Fjords har ledig stilling som maskinsjef i rute Oslofjorden om bord på passasjerkatamaranen MS Vision of the Fjords.

Tilsetting snarast. 

Arbeidsoppgåver

  • I henhald til gjeldande stillingsinstruks for maskinsjef
  • Du vil gå som einemaskinist, og vil ha kontroll med alle tekniske system om bord
  • Du vil få ansvar for oppfølging og vedlikehald i samråd med AMOS Vedlikehaldssystem og EQS Tryggleiksstyringssystem
  • Du vert ein viktig del av eit positivt og dynamisk team og er ikkje redd for å hjelpe til på tvers av stillingane ombord

Kvalifikasjonar

  • Maskinoffisersertifikat klasse 3 eller høgare
  • Gyldige, sertifikatgjevande STCW-kurs
  • Passasjer- og krisehandteringskurs
  • Gyldig helseerklæring
  • Det er ein fordel om du har kunnskap om elektriske og hybride framdriftsanlegg
  • Nordisk språk skriftleg og muntleg er eit krav
  • Det er ein fordel å beherske engelsk muntleg

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide tett med andre menneske over tid
  • Inkluderande og lojal
  • Godt humør
  • God kommunikasjonsevne
  • Serviceinnstilt
  • Fleksibel
  • Sjølv om du er teknisk sjef, har du også glede av å vere ein del av
    vertskapet om bord. Du likar å gje dei reisande gode opplevingar.

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Skiftordning 2 veker på, 2 veker av
  • Gratis innkvartering i vaktperiodane

Kontaktinformasjon

Sigrunn Hellebust, Bemanningskoordinator, sigrunn.hellebust@fjord1.no

Arbeidsstad

 Oslo

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: The Fjords

Referansenr.: 4802013802
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver The Fjords orgnr:
Kort om arbeidsgiver

The Fjords er eit moderne og innovativt rederi som fraktar turistar på norske verdsarvfjordar med blant anna heilelektriske, utsleppsfrie fartøy. Selskapet styrkar fjordopplevinga for dei mange turistane som besøker Fjord-Norge, med fokus på fornying av materiell og produktutvikling.

 The Fjords har fått stor merksemd både internasjonalt og nasjonalt på bakgrunn av dei unike fartøya, Vision of The Fjords, Future of The Fjords og Legacy of The Fjords. Desse fartøya er spesialbygde for sightseeing på norske fjordar, og designet er inspirert av fjellstiar langs fjorden.

The Fjords er til stades på Geirangerfjorden, Nærøyfjorden, Hardangerfjorden og Oslofjorden.

The Fjords er i ein vekstfase og har store ambisjonar. Etableringa av selskapet er ei viktig og langsiktig satsing der faktorar som miljø og berekraftig utvikling står sentralt.

The Fjords er eigd av Fjord1 ASA og Norway’s best AS, to selskap med brei kompetanse innen maritim næring og reiseliv.

Webside http://www.fjord1.no
Bransje Transport og lager
Yrke Sjøfart
Sted OSLO (Adresse: Postnr: 0010)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 03-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d7dcd0d6-de21-45fb-96dc-2cbd4989b088
IMPORTAPI