Job Description

Published 09-05-2024
Deadline: 02-06-2024

 

Miljøterapeut 100% fast stilling

Haram kommune søker etter miljøterapeut i 100% fast stilling, for tida ved Haram bustader 1. Stillinga er for tida i ordinær dag/kveldsturnus med arbeid kvar 3. helg. Vi er for tiden lokalisert med base på Vesterheim i Brattvåg. 

Haram bustadar er delt inn i to avdelingar. Haram bustadar 1 består av bustadar og dagsenter, Haram bustadar 2 består av bustadar, Solbakken bukollektiv og barnebolig. Vi gir i hovudsak tenestar til mennesker med diagnosen utviklingshemming. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i våre avdelingar, fokuserer på fag og gi gode tenester til tenestemottakarane. 

Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Vår viktigaste ressurs er våre tilsette og vi ynskjer å være ein arbeidsplass der ein opplev trivsel, utvikling og  meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

Haram kommune er opptekne av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.

Arbeidsoppgåver

  • Målretta miljøarbeid. 
  • Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønskjer.
  • Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette.
  • Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar.
  • Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk.
  • Fagutvikling, miljøterapeut vil ha fagansvar og koordineringsansvar på avdelinga. 
  • Utarbeide, oppdatere og følgje opp tiltak og planar etter vedtak og behov.
  • Veiledningsansvar, både i gruppe og på individnivå.
  • Innleige ved sjukdom, i turnussystemet GAT.
  • Gruppeleder med primæransvar. 

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar eller annan treårig høgskuleutdanning innan helse og sosialfag. 
  • Erfaring med å jobbe tverrfagleg og i team.
  • Erfaring i helse og omsorgstenestelova kapittel 9.
  • Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg.
  • Førarkort kl. B.
  • Erfaring frå arbeid rundt menneske med psykisk utviklingshemming.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • Viser initiativ og er kreativ. 
  • Er kunnskapsrik og fagleg oppdatert.
  • Er pliktoppfyllande og sjølvgåande.
  • Har stor arbeidskapasitet og er ein utprega omsorgsperson.
  • Evnar til å bygge relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
  • Evnar til å skape engasjement og har gode haldningar og moral.
  • Er ein lagspelar som bidrar til at felles mål blir nådd.
  • Er lojal og stabil.

Vi tilbyr

  • Ein kjekk arbeidsplass med mulighet for personlig og faglig utvikling.
  • Rom for å være kreativ
  • Lønn etter gjeldande tariffavtale.

Kontaktinformasjon

Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Dalevegen 46
6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 4809051725
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2024
Søknadsfrist: 02.06.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Avdeling Haram bustadar 1, Haram kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund

Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre.
Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid.
Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Webside http://www.haram.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke SFO, barne- og fritidsleder
Sted BRATTVÅG (Adresse: Dalevegen 46 Postnr: 6270)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse 01-08-2024
Søknadsfrist 02-06-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/a61d1993-82db-47b1-a755-a77b45b7e468
IMPORTAPI