Miljøterapeut – Sandnes ungdomssenter – Minde 1, Bufetat

Education SFO, barne- og fritidsleder

(2 weeks ago)

  • SANDNES
  •  Post Date: 22. April 2024
  •  Expire date: 6. May 2024
Job Description

Published 22-04-2024
Deadline: 06-05-2024

 

Miljøterapeut

Sandnes ungdomssenter er ein statleg barnevernsinstitusjon som ligg i Sandnes kommune. Eininga ligg flott til i eit triveleg nabolag, og har nydeleg utsikt utover Sandnes og Stavanger. Me er ein omsorgsinstitusjon med to avdelingar og 8 plassar. Minde 1 er for barn mellom 8 og 13 år, mens Minde 2 er for ungdom mellom 13 og 18 år. Det er 4 plassar på kvar avdeling. Begge avdelingane har eigne avdelingsleiarar.

Ved Sandnes ungdomssenter har me det siste året hatt ein spennande utvikling kor me har forsterka eininga vår med bemanning og kompetanse. Me har i denne prosessen implementert ny fagmodell: Omsorg- og endringsmodellen (OEM). Modellen byggar på kognitiv terapi og dialektisk åtferdsterapi (DBT). Avdelingane har eigne fagansvarlege miljøterapeuter som følgje opp modellen i det daglege.

Vi har no ledig ei stilling som miljøterapeut i fast 100 % stilling, avdeling Minde 1 (8-13 år)

Du vil jobbe i todelt turnus i kombinasjon med langvaktar tilsvarande 15,5 timer.

Vi søkjer deg som er ein trygg, tydeleg og tillitvekkjande vaksen med godt humør, som likar å arbeide med og for barn.

Arbeidsoppgåver

  • Du må til einkvar tid halde deg oppdatert på fagmodellar og anna fagleg rammeverk.
  • Utarbeiding og oppfølging av handlingsplanar i samarbeid med barna.
  • Bidra i arbeidet med å motivere og engasjere barna i endringsarbeid, samt sikre at dei får medverke i eige liv, og oppleve tryggleik og trivsel medan dei bur hos oss. 
  • Samarbeide med familie og nettverk, helseinstansar, kommune, skule og andre viktige instansar.
  • Deltaking, samt ansvar for inntaks- og andre samarbeidsmøter. 
  • Deltaking på møtedag kvar veke og overlapping ved vaktskifte, ansvar for praktiske oppgåver og rutinar i institusjonen. 
  • Kartlegging, rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon iht. standardisert forløp og OEM.
  • Følgje opp barna i samband med skule og fritidsaktivitetar.

Kvalifikasjonar

Krav om:

  • Minimum fullført bachelor som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar (180 studiepoeng). Anna relevant bachelorgrad kan vurderast.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
  • Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
  • God fysisk og psykisk helse.
  • Krav om førarkort for personbil kl. B.

 

Det er ønskjeleg at du:

  • Har kjennskap til Standardisert forløp i barneverninstitusjon og ein fordel at du har kunnskap om OEM, omsorg- og endringsmodellen.
  • Har erfaring med arbeid i forhold til barn med kompleks problematikk  i denne aldersgruppa er ein fordel.

    Personlege eigenskapar

    • Du rommar barna og deira uttrykk på ein varm og støttande måte, er raus og har god omsorgsevne.
    • Du arbeidar aktivt for å skape forståing og endring.
    • Du er engasjert, og har evne til å motivere andre.
    • Du har god arbeidsmoral og gode samarbeidsevnar, og er ein positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet.
    • Du er fleksibel, trivst med utfordringar og tåler hektiske og spanande kvardagar.
    • Du ynskjer å være ein del av ein velorganisert kvardag, har forståing for, og vil bidra til oppfølging av gjeldande strukturar og rutiner. 
    • Du har evne til å utøve ansvarleigheit i det sjølvstendige arbeidet og evne til å samarbeide i team.
    • Du kan nyttiggjere deg opplæring, rettleiing og konstruktiv tilbakemelding.
    • Du har evne til å analysere utfordringar og vurdere forslag til løysing.
    • Du har evne til å halde deg fagleg oppdatert og tileigne deg ny fagleg kunnskap.

    Vi tilbyr

    • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 466 600 – 594 500 pr. år (ltr. 45-61).
    • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t. kr 524 700 – 624 500 pr. år (ltr. 53-64).
    • Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 532 200 – 624 500 pr. år (ltr. 54-64).
    • Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring. 
    • Du vert del av ei engasjert og fagleg dyktig personalgruppe som tek vare på kvarandre.
    • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, med moglegheit om tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

    Opplysningar til deg som søker:

    • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
    • Stillinga er for tida lagt til Sandnes ungdomssenter, avdeling Minde 2.
    • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
    • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.

    Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.

    Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.

    Kontaktinformasjon

    Siv Annett Nermoen Sande, Avdelingsleder, 466 19 855

    Arbeidssted

    Mindeveien 8
    4327 Sandnes

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Bufetat

    Referansenr.: 4802182299
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 06.05.2024

     

     

    DIVERSE INFO

    Arbeidsgiver Sandnes ungdomssenter – Minde 1, Bufetat orgnr:
    Kort om arbeidsgiver

    Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

    Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

    Webside http://bufdir.no/
    Bransje Utdanning
    Yrke SFO, barne- og fritidsleder
    Sted SANDNES (Adresse: Mindeveien 8 Postnr: 4327)
    Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
    Sektor Offentlig
    Krav Unknown
    Tiltredelse Unknown
    Søknadsfrist 06-05-2024


    Kilde: NAV stillingsannonser
    https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/58f4a631-254e-4799-a936-b71f5d28c67d
    IMPORTAPI