Job Description

Published 21-04-2024
Deadline: 27-05-2024

 

Økonomiansvarlig for landets største teater

Har du lyst til å jobbe med økonomistyring i ein spennande kulturinstitusjon? Vi er på utkikk etter ein fagleg dyktig økonomisjef som meistrar både høgt tempo og langsiktig planlegging i eit hus prega av raske sceneskift.  Økonomisjefen skal, saman med direktøren, sikre at teateret har ein sunn økonomi, slik at vi kan halde fram med å ta kunstnarleg risiko, skape høg kvalitet og tilby eit breitt repertoar.

Økonomisjefen får mellom anna ansvar for økonomistyring, finansiering, prosessforbetringar, framskrivingar, analysar, budsjettering, rekneskap og innkjøp. Leiaren for dette området har i dag personalansvar for tilsette på økonomi- og personalområda og er med i leiargruppa. Teateret er i ferd med å tilsette ny direktør, og denne vil avgjere framtidig organisering av stabs- og støttefunksjonar. Vi brukar frå 2024 økonomisystemet Xledger.

Vi ser etter ein tydeleg og lyttande person med leiarerfaring, gjerne frå kulturfeltet, og med relevant høgare utdanning. Erfaring med økonomistyring i større verksemder er nødvendig, like eins dokumentert evne til å planlegge over tid og systematisk nå mål. Vi ønsker oss ein økonomisjef som er ein sikker analytikar, som òg kan formidle funn så dei blir forstått.

Søkarar bør vere gode i både nynorsk og engelsk og ha høg arbeidskapasitet.

Vi tilbyr:

  • ei nøkkelrolle bakom scenane på Noregs største teater og scenekunst i rikt monn.
  • eit mangfaldig og ambisiøst arbeidsmiljø med utfordrande og varierte oppgåver
  • lønn etter avtale og gode kollektive pensjons- og gruppelivsforsikringar,

Det Norske Teatret ønsker å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søke.

Spørsmål om stillinga kan rettast til vår rekrutteringsrådgivar i Møllerstad rekruttering as, Gro Møllerstad, tlf. 915 59 752.

 

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Det Norske Teatret orgnr:
Kort om arbeidsgiver Det Norske Teatret er landets største teater. Det Norske Teatret blei etablert i 1913 som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom. Nynorsk språk er teateret sitt viktigaste særmerke og denne tradisjonen skal vi halde i hevd. Vi har 240 tilsette og tar mål av oss til å vere eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå og skape kunst og kultur som skal komme flest mogleg til gode. Vi spelar eit omfattande repertoar med høg eigenproduksjon og ei rekke urpremierar, og er særmerkt gjennom eit samansett og rikt uttrykksmangfald. Publikum skal kunne finne oss på nye stader og i nye format, og teateret er viktig som språkarena og kraftsenter for nynorsk.
Webside
Bransje Kultur og kreative yrker
Yrke Journalistikk og litteratur
Sted OSLO (Adresse: Kristian IVs gate 8 Postnr: 0164)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 27-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f2e8e76d-0fa6-4213-8e83-1cd9a4446263
IMPORTAPI