Job Description

Published 16-04-2024
Deadline: 19-05-2024

 

Om du er nyutdanna eller røynd; vi treng ein dyktig fagarbeidar til Askvoll omsorggsenter

Er du helsefagarbeidar og vil vere med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen? Då er Askvoll kommune staden for deg.

I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet.

Helse og omsorgstenestene i kommunane står overfor spanande utfordringar på grunn av endra alderssamansetning i befolkninga. Pasientar og brukarar har ofte samansette lidingar, derfor treng vi fagpersonar med god kompetanse og som ser behova i heilskap.

Avdeling Kårstova er ei eining med 16 langtidsplassar og 1 avlastningsplass, samt dagtilbod for heimebuande personar med demens.

No søkjer vi ein ny kollega i 58% fast stilling frå snarast. Dersom ein ønskjer høgare stillingsprosent, kan den kombinerast med stilling inntil 42% i vikarpool. Ver venleg å seie om dette er ønskjeleg i søknadsteksten. 

 

Arbeidsoppgåver:

  • Utøve pleie til pasientar og brukarar med utgangspunkt i “kva er viktig for deg?”
  • Medverke til at pleiefaglege oppgåver blir utført i samsvar med gjeldande krav til kvalitet
  • Dokumentere og rapportere i samsvar med gjeldande retningsliner og prosedyrar
  • Medikamenthandtering
  • Delta i tverrfagleg og tverretatleg samarbeid både internt i kommunen og eksternt
  • Medverke til god informasjonsflyt
  • Pliktar å halde seg oppdatert innanfor sitt eige fagfelt og delta i aktuelle møter og opplæringstiltak
  • Rettleie pasientar, pårørande og andre tilsette, studentar og elevar
  • Medverke til eit godt samarbeidsmiljø
  • Etaten nyttar Acos CosDoc som dokumentasjonsverktøy, og naudsynt opplæring vil bli gjeve

 

Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar med fagbrev
  • Ved mangel på kvalifiserte søkarar kan søkarar med relevant utdanning/ erfaring tilsettast i midlertidig stilling
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Den som blir tilsett må ha førarkort
  • Det er krav om framlagd politiattest ved oppstart

 

Personlege eigenskapar:

  • Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Er positiv, fleksibel og fagleg engasjert
  • Ha evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg
  • Like utfordringar og er løysingsorientert
  • Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte
  • Ha evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo

 

Vi tilbyr:

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
  • Lokalt tillegg på kr 10 000 for helsefagarbeidarar og omsorgsarbeidarar med fagbrev.
  • Tilsette som inngår individuell avtale om å arbeide to ekstra helger per halvår, som vert innarbeidd i årsturnus, får utbetalt ein bonus på kr. 10.000,- per helg. Utbetalinga kjem i tillegg til ordinær løn etter faktisk arbeidd ekstra helg.
  • Arbeid 35,5 t/veke, helg og natt
  • Pensjonsordning i KLP
  • Flyttegodtgjersle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune

 

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje – uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Askvoll kommune Askvoll omsorgssenter orgnr:
Kort om arbeidsgiver Askvoll kommune ligg på kysten av Vestland fylkeskommune, med variert natur frå kyst til fjell. Kommunen har over 3000 innbyggjarar. Det er snøggbåtsamband med Bergen og Florø, bussamband til Førde og Dale, og ein time med bil til Førde. Kommunen er rik på naturopplevingar både på land og sjø, og har eit levande lokalsamfunn med engasjerte menneske.
Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Helse
Sted ASKVOLL (Adresse: Askvollheimen Postnr: 6980)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 19-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/7facd929-a2a8-4341-9882-b6fe3e0de9fb
IMPORTAPI