Job Description

Published 18-04-2024
Deadline: 03-05-2024

 

Operasjonsplanleggar/Sjukepleiar 

Er du ute etter ein variert, spanande og givande jobb i eit godt arbeidsmiljø med ein super gjeng?

Vi har ledig 100 % fast stilling som operasjonsplanleggar/sjukepleiar i kirurgisk poliklinikk frå 14.07.24.

Førde sentralsjukehus ligg sentralt til i Førde. Det er gode kommunikasjonsmoglegheiter til Oslo og Bergen, både med fly og buss. Om du likar trening eller turar i skog og fjell er dette fasilitetar du har lett tilgjengelege.

Operasjonsplanleggar vil ha som hovudoppgåve å planlegge og organsiere operasjonsprogrammet knytt til kirurgisk avdeling. Stillinga vil vere variert med noko klinisk arbeid som sjukepleiar på eit eller fleire av fagfelta våre. 

Kirurgisk poliklinikk er ein god arbeidsplass der vi arbeider med fagfelta  gastro-, urologi-, endokrin-, mamma-, kar-, generell- og plastikkkirurgi, og vi har 17 tilsette – deriblant, operasjonsplanleggar, stomisjukepleiarar, uroterapeutar og sjukepleiarar. Vi skal frå hausten 2024 ta i bruk nye, flotte lokale i Nye Førde sjukehus for delar av fagfelta. Stillinga som operasjonsplanleggar er stasjonert i hovudbygget Svana.

Velkomen til Helse Førde

Arbeidsoppgåver operasjonsplanleggar:

  • Ansvar for planlegging og kvalitetssikring av kirurgisk avdeling sine pasientar på operasjonsprogrammet
  • Ansvar for ventelista på operasjonsprogrammet til kirurgisk avdeling
  • Gjennomføre og sikre naudsynte endringar i operasjonsprogrammet
  • Svare på henvendingar frå pasientar/pårørande og medarbeidarar
  • Delta i vekentlege planleggingsmøter
  • Arbeid hovudsakleg i fagprogramma DIPS Arena og Orbit
  • Kan bli aktuelt med noko klinisk arbeid etter omorganisering og bruk av nye system. Dette vil innebære;
  • Møte menneske i ulike fasar av sjukdomsforløpet som skal til utgreiing og/eller vidare behandling
  • Førebu og assistere i samband med utgreiing og kontrollar av pasientar, samt sikre god ivaretaking av pasient og pårørande.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Søkjar med erfaring innan kirurgisk fagfelt og poliklinikk kan verte føretrekt 
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg.
  • Gode datakunnskapar
  • Søkjar med kjennskap til logistikk og planlegging av operasjonsaktivitet kan verte føretrekt

Personlege eigenskapar

  • Sjøvstendig
  • Ansvarsbevisst
  • Stor arbeidskapasitet
  • Imøtekomande/serviceinnstilt
  • Fleksibel
  • Løysingsorientert og endringsvillig
  • Engasjement for arbeidet 
  • Må trivast i eit travelt og aktivt miljø
  • Positiv og samarbeidsvillig

Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar og leiing
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Marie Fossheim, Fung. seksjonsleiar, +47 578 39 219
Karin Bruflot, Seksjonsleiar, +47 578 39 219

Arbeidsstad

 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 4800086239
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kirurgisk poliklinikk, Helse Førde orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Webside https://www.helse-forde.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted FØRDE (Adresse: Postnr: 6800)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 03-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/8538d79b-0479-4714-93be-042d5cfdddc2
IMPORTAPI