Job Description

Published 14-04-2024
Deadline: Unknown

 

Osterøytunet søkjer tilkallingsvikarar til somatisk avdeling  

Om stillinga

Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65 plassar fordelt på tre avdelingar, totalt 7 grupper. Kvar gruppe har 9-11pasientar. Me har eige kjøkken og eigen lege. Me tek inn ringevikarer ved behov. 

Kven søkjer vi etter?

Vi søkjer etter deg som trives i lag med eldre! Du som er engasjert, tar ansvar, jobbar sjølvstendig og samtidig har gode samarbeidsevne. Du bør evne å opprette god relasjon til både pasientar, deira pårørande og dine kollegaer. Om du har eit godt humør og ei positiv innstilling er du langt på veg! 

Høyres dette ut som deg – eller kanskje nokon du kjenner? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss! 

Vi tilbyr deg

  • God opplæring

  • Ei spanande og gjevande stilling

  • Du får samarbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer

  • Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjertevarme

  • Moglegheit for fagleg utvikling

  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår

Arbeidsoppgåver

  • Heilskapeleg omsorg og pleie

  • Bistand og rettleiing ut frå pasienten sine behov

  • Målretta miljøarbeid.

Kvalifikasjonar

 

  • Ufaglært eller relevant fagutdanning 
  • Personleg eigenskapar og relevant erfaring vert vektlagt
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk. 

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Osterøy kommune orgnr: 975319008
Kort om arbeidsgiver

Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.  

Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy. 

I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.  

Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ei meiningsfull arbeidskvardag.  

Webside https://www.osteroy.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Helse
Sted VALESTRANDSFOSSEN (Adresse: Osterøytunet 3 Postnr: 5281)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 4
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist Unknown


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/44008ed7-55de-4152-9623-00a72cbdbc54
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/261709