Personleg assistent – Aurland kommune

Health and social care Social Services

(2 weeks ago)

  • AURLAND
  •  Post Date: 23. April 2024
  •  Expire date: 6. May 2024
Job Description

Published 23-04-2024
Deadline: Unknown

 

Personleg assistent

Om stillinga

Me har ledig 80 % fast stilling som brukarstyrt personleg assistent til ein mann med behov for assistanse i kvardagen frå snarast, med moglegheit for 100% ved seinare høve. 

Det er til saman fire personlege assistentar i dette tiltaket. Brukaren bur i eige husvære saman med familien, og nyttar ei helg i månaden  i avlastingsbustad. I arbeidet som personleg assistent får du høve til å gjere ein stor forskjell for eit anna menneske. Jobben er variert og gjevande, med gode vilkår.

Personleg assistanse er organisert under kommunalområde helse og omsorg, avdeling bu og miljø. Bu- og miljøtenesta vart oppretta i 2018. Det er om lag 30 tilsette ved avdelinga.

Me gir omsorg og oppfylging til brukarar med ulike behov. Meistring av kvardagslege aktivitetar og sosial deltaking står i fokus. Me jobbar aktivt for å sikre fagleg kvalitet og gode tenester. Tenester som heildøgns omsorg i bufelleskap, brukarstyrt personleg assistent (BPA), avlasting, støttekontakt og omsorgsstønad ligg til eininga. Me har også ansvar for å bygge opp aktivitetstilbod til målgruppa.

Me har høgt fokus på fagutvikling, og jobbar aktivt for å sikre gode tenester. 

Arbeid og ansvarsområde

Me ynskjer at du er ein ressurs og ein god samtalepartnar. Du vil vere ein del av kvardagen til brukaren og delta i aktivitetar og i sosiale samanhengar etter ynskje frå brukaren.

Han treng også hjelp til:
– transport til ulike aktivitetar med meir
– praktiske og daglege gjeremål
– personleg stell / hygiene og av – og påkledning 
– trening
– måltid
– bruk, vask og vedlikehald av tekniske hjelpemidlar
– helseoppfylging og fylge til mellom anna rehabilteringsopphald 

Me tilbyr

  • ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad 
  • bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum 
  • løn etter etter tariff 
  • ekstra laurdag og søndagstillegg (+ kr 10 over tariff)
  • gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen 
  • gratis inngang til symjehallen 

Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.

 

Kvalifikasjonar

  • erfaring frå arbeid i helse og omsorg, men god opplæring blir gitt om du ikkje har det 
  • fagbrev helsearbeidarfaget er ein fordel, men ikkje eit krav for tilsetjing 
  • du vil få god opplæring, tett oppfylging og god rettleiing

Personlege eigenskapar

Me vil vektlegge gode samarbeidsevner og desse personlege eigenskapane: 

  • imøtekomande, tillitsbyggande og kan skape gode relasjonar 
  • trygg på deg selv i rollen din, ansvarsfull og tolmodig 
  • fleksibel, løysningsorientert og taklar stress i periodar 

Vi ser etter deg som er fleksibel, omsorgsfull, tolmodig, som ynskjer å gjere ein forskjell, og ha eit grunnleggande ynskje om å bidra til å gjere andre sin kvardag betre.

Verdiane våre er:  L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.  

Løns- og tilsetjingsvilkår

  • tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • krav om politiattest etter helse- og omsorgstenestlova av nyare dato

Turnusen er delt opp med dagvakter, seinvakter og langvakter med 12,5 timar per vakt kvar 4. helg. Det kan vere moglegheit for å slå saman vakter slik at ein kan jobbe langvakter vekedagar. Det kan også leggast til rette for korte vakter på helg om dette er ynskjeleg. 

Det kan kome endringar i turnusen / arbeidet.

Krav til språk

Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.

Generell informasjon om søknadsprosessen 

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. 

Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. 

Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Aurland kommune orgnr: 983788599
Kort om arbeidsgiver

Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1780 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.

På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.

 

Webside https://www.aurland.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Sosial
Sted AURLAND (Adresse: Skjerdalsvegen 31 Postnr: 5745)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist Unknown


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/89bbd9e3-d1ea-4db5-b8a1-53520c2fe20f
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/261998