Pleie og omsorg søkjer – Aukra kommune Institusjonstenester

Education SFO, barne- og fritidsleder

(4 weeks ago)

  • AUKRA
  •  Post Date: 22. May 2024
  •  Expire date: 19. June 2024
Job Description

Published 22-05-2024
Deadline: 19-06-2024

 

Pleie og omsorg søkjer

Bergtun Bufellesskap har 11 faste bebuarar. i tillegg blir det gjennomført avlastning for barn og unge. Bufellesskapet ligg på Falkhytten, og ein finn alle fasilitetar i gangavstand. Bufellesskapet har alternative turnusordningar med vanleg turnus, langvakter og døgnvakter. Bufellesskapet har kontinuitet i drifta og det er lite turn-over.  

Aukra kommune ligg 25 minutt frå Molde. Det er ei øy med fastlandsdel, som har ca 3700 innbyggarar. Det tek ein kort fergetur på 10 minutt å kome seg hit. Her er flott natur med hav og fjell i nærleiken. Kultur, aktivitetar og friluftsliv er godt tilrettelagt for ei aktiv fritid. Aukra kommune har satsa på nye barnehagar, skolar, omsorgsenter og kulturhus for sine innbyggarar. Det er ein del tilflytting til kommunen, og dei siste åra har talet på innbyggarar auka.

Bergun Bufellesskap er organisert under  institusjonsdrift.  Bufellesskapet ligg ikkje langt ifrå Helsesenteret og Aukra Omsorgsenter, som har 30 plassar fordelt på lang- og kortidsplassar. I same bygget finn ein heimesjukepleie, dagsenter for eldre og 20 heildøgns omsorgsbustadar. Bufellesskap, institusjon og heimesjukepleie har tett samarbeid. Ein har teke i bruk det nyaste av velferdsteknologi, og nyttar det aktivt i tenestene i pleie og omsorg. 

Kven søkjer vi

Vi søkjer deg som er autoriset vernepleiar eller har anna relevant høgskoleutdanning. Helsefagarbeider kan òg bli vurdert. Du må like å arbeide i team, og ikkje vere redd for å ta ansvar og finne gode løysningar på utfordringar som måtte oppstå. Du må ha kjennskap til Helse- og omsorgstenestelova Kap 9,, ha kunnskap om målretta miljøarbeid, vere fleksibel og løysingsorientert. Du må ha høg gjennomføringsevne, og evne til å planlegge arbeidet på ein strukturert måte. 

God kompetanse på relasjonsbygging og kommunikasjon

Du har god evne til å rettleie 

Du oppdaterer din kunnskap

Du ser nytten av teknologi i tenesta

Du er med på å utvikle tenestetilbodet  i takt med endringar i samfunnet

Du har god datakunnskap

Du behersker norsk skriftleg og munnleg

Du er personleg eigna for stillinga

 

Vi tilbyr

Ein arbeidsplass som har motiverte og tilsette med interesse for faget

Ein spennande arbeidskvardag med varierte og utforande arbeidsoppgåver

God opplæring og gode moglegheiter for personelg utvikling 

Løn etter HTA 

Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP

Stønad til vidare- og etterutdanning via kommunen sitt utdanningsfond og i tråd med kompetanseplan

 

Særskilte krav

Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader

Søkjarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

 

 

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Aukra kommune Institusjonstenester orgnr:
Kort om arbeidsgiver Aukra Omsorgssenter er nytt og moderne, og vi flytta inn i 2018. Ein har teke i bruk det nyaste av velferdsteknologi, og nyttar det aktivt i tenesta i pleie og omsorg. Aukra Omsorgssenter har 30 plassar fordelt på lang- og korttidsplassar. I same bygget finn ein heimesjukepleie, dagsenter for eldre og 20 heildøgns omsorgsbustader. Institusjon og heimesjukepleie har tett samarbeid om brukarane. Sjukepleiarar frå institusjon og heimesjukepleie i turnus driftar legevaktsatelitt ilag utover vanleg kontortid. Det er felles nattevakter i institusjon og hos heimebuande.
Webside
Bransje Utdanning
Yrke SFO, barne- og fritidsleder
Sted AUKRA (Adresse: Falkhytten Postnr: 6480)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 19-06-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0cd83953-b352-49a0-b32b-01a36c5a5ba6
IMPORTAPI