Job Description

Published 09-05-2024
Deadline: 02-06-2024

 

Prosjektleder/Byggeleder

Ålesund kommune søkjer etter ein dyktig prosjektleiar/byggjeleiar som får ansvar for planlegging og gjennomføring av kommunale prosjekt innan veg, mobilitet, forureining og stadsutvikling.

Ålesund by vil i dei kommande åra gå gjennom ei stor endring og utvikling. Det er ei rekkje prosjekt som vil endra byrommet i ei berekraftig og attraktiv retning. Dette inkluderer Bypakken med nytt kollektivknutepunkt, nye gang- og sykkelvegar, utvikling og transformasjon av hamneområdet Sørsida og andre prosjekt knytt til byrom. Dessutan har me ei rekkje andre prosjekt som skal planleggjast og realiserast med spreiing over heile kommunen. 

Som prosjektleiar vil du få ansvar for planlegging og gjennomføring av byggjeprosjekt der kommunen er prosjekteigar. Prosjektportefølgen er brei og inneheld mellom anna nye gang- og sykkelvegar, trafikktryggingstiltak, forureining, og dessutan leikeplassar, byrom og parkar. Typa prosjekt du vil arbeida med avheng av bakgrunnen din, kompetanse, engasjement og interesse. Stillinga vil vere knytt til prosjektavdelinga i verksemd Miljø og samferdsel og fordreg eit tett samarbeid med fleire avdelingar i kommunen og dessutan med eksterne aktørar. 

Kommunen har eit særskilt ansvar for areal- og samfunnsplanlegginga. Eit hovudmål er at Ålesundsregionen skal vere leiiande på smart og berekraftig by- og stadsutvikling. Dette stiller krav til å kunna utvikla metodar for korleis me gir innhald i både prosess og gjennomføring. Prosjekta me planlegg og gjennomfører skal involvera brukarar og ta omsyn til klima og miljø, men også sosiale verdiar for å skapa livskvalitet for innbyggjarar i ulike fasar av livet. Som prosjektleiar er forventa at du kommuniserer på ein forståeleg måte for alle relevante aktørar og ser samanhengen mellom ulike prosjekt eller prosessar som skjer parallelt.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for planlegging og gjennomføring av kommunale prosjekt innan veg, forureining, byrom i heile kommunen, frå konsept og prosjektering til gjennomføring. Dette inkluderer m.a. prosjektstyring, økonomistyring, detaljprosjektering, utarbeiding av konkurransegrunnlag og oppfølging av entreprenør i anleggsperioden.
  • Byggherreansvar i prosjekt
  • Dialog og samhandling med aktuelle faggrupper knytt til prosjektet, både internt og  eksternt

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på bachelor- eller masternivå, ingeniør innan veg, anlegg, landskapsingeniør eller anna relevant utdanning
  • Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
  • Prosjektleiarerfaring eller byggeleiarerfaring vil bli vektlagt
  • Erfaring frå by- og stadsutviklingsprosjekt er ønskeleg
  • Erfaring frå økonomistyring og andre økonomirelaterte oppgåver i prosjekt
  • God kompetanse i bruk av digitale arbeidsverktøy knytt til planlegging og prosjektstyring
  • Meistre norsk skriftleg og munnleg 

Personlege eigenskapar

  • Fagleg engasjert, nysgjerrig, motivert og med ei positiv innstilling
  • Strukturert, løysingsorientert og sjølvstendig
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • Gode gjennomføringseigenskapar
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Fagleg spennande og varierte oppgåver
  • Godt tverrfagleg arbeidsmiljø
  • God tilrettelegging for fagleg utvikling
  • 100 % stilling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksitid og gode arbeidsvilkår

Kontaktinformasjon

Malin Anna Ramnemo, Avdelingsleiar, 417 80 239, malin.anna.ramnemo@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Keiser Wilhelms gate 11
6003 ÅLESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kommunalområde Samfunn

Referansenr.: 4812001195
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.06.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Prosjekt, Miljø og samferdsel, Kommunalområde Samfunn orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Webside http://www.alesund.kommune.no
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Arbeidsleder, bygg og anlegg
Sted ÅLESUND (Adresse: Keiser Wilhelms gate 11 Postnr: 6003)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 02-06-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/11684237-906b-4688-adbc-39e10c5751df
IMPORTAPI