Job Description

Published 22-04-2024
Deadline: 12-05-2024

 

Psykolog/psykologspesialist

    Førde BUP har ledig 100% fast stilling som psykolog/psykologspesialist. 

    Førde BUP er ein av poliklinikkane i PBU (psykisk helsevern for barn og unge). Førde BUP dekkjer ei barnebefolkning på om lag 12 200 fordelt på 8 kommunar. Vi har spesialistar i alle profesjonar og dei fleste fagstillingar, mange med lang fartstid og erfaring innan feltet. Vi held eit godt fagleg nivå og har oppdatert kunnskap og behandlingskompetanse. 

    Poliklinikken er lokalisert i Dagabygget, og er ein del av eit stort fagmiljø innan psykisk helsevern. 

    Arbeidsoppgåver

    • Utgreie, diagnostisere og behandle psykiske lidingar hos barn og unge
    • Samarbeide med førstelina og andre i spesialisthelsetenesta om eit heilskapleg helsetilbod
    • Deltaking i interne og eksterne møter, undervisning, fagutvikling, rettleiing og anna organisatorisk arbeid

    Kvalifikasjonar

    • Psykologspesialist/psykolog med norsk autorisasjon i klinisk psykologi 
    • God fagleg vurderingsevne
    • God norsk skriftleg og munnleg framstillngsevne
    • Erfaring med arbeid i barne- og ungdomspsykiatri vert vektlagt

    Personlege eigenskapar

    • Gode evner til å møte barn, unge og foreldre slik at dei opplever seg sett og forstått
    • Gode evner til å samarbeide med andre fagpersonar på ein likeverdig og respektfull måte
    • Fagleg interesse og tydeleg engasjement, med ønske om å vere med og utvikle behandlingstilbodet vidare
    • Gode evner til å arbeide strukturert og målretta, og har høg arbeidskapasitet
    • Trivast i eit aktivt miljø og tverrfagleg team

    Vi tilbyr

    • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Eit godt og ivaretakande arbeidsmiljø
    • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
    • Det vert lagt til rette for spesialiseringsløp

     

    Mangfoldserklæring
    Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

    Kontaktinformasjon

    Hildegunn Knapstad Fauske, Seksjonsleiar, +47 57839207

    Arbeidsstad

    Svanehaugvegen 2
    6812 Førde

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Førde

    Referansenr.: 4803784081
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 12.05.2024

     

     

    DIVERSE INFO

    Arbeidsgiver Førde BUP, Helse Førde orgnr:
    Kort om arbeidsgiver

    Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

    Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

    Webside https://www.helse-forde.no/
    Bransje Helse og sosial
    Yrke Psykologer og terapeuter
    Sted FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812)
    Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
    Sektor Offentlig
    Krav Unknown
    Tiltredelse Unknown
    Søknadsfrist 12-05-2024


    Kilde: NAV stillingsannonser
    https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ab2a0726-308d-427e-9f70-49ae65b1f762
    IMPORTAPI