Job Description

Published 24-04-2024
Deadline: 12-05-2024

 

Psykolog/ Psykologspesialist

Vi har ledig et 100% vikariat som psykolog/psykologspesialist med 1 års varigheit, oppstart frå 01.08.24

Har du lyst å arbeide med born og unge med medfødte og tidleg erverva funksjonsnedsettingar som ein del av eit tverrfagleg team? Då er dette sjansen for deg! Vi søkjer etter fagfolk med interesse for habilitering. Seksjonen vår har tilsett faggrupper som lege, psykolog/psykologspesialist, fysioterapeut, ergoterapeut, vernepleiar, pedagog, sjukepleiar, sosionom og merkantilt personale. Vi arbeider i tverrfaglege team med diagnostisering, oppfølging/ behandling, rettleiing  og pasientopplæring. HABU har utstrakt samarbeid med kommunale tjenester og store deler av tjenesten er ambulant. HABU i Kristiansund og Ålesund har tett samarbeid rundt pasientforløp og fagutvikling.

Arbeidsplassen er for tida ved Kristiansund sjukehus, men i oktober 2024 skal vi flytte inn i eit topp moderne sjukehus for Nordmøre og Romsdal på Hjelset. Der vil vi samlokaliseres med habilitering for voksne, og kunne dra nytte av eit større og meir spennande fagmiljø. I Kristiansund vert det vidare eit breitt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling, og dagkirurgi.

Du er velkomen som søkjar til ein spennande arbeidsplass!

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing/diagnostisering
  • Samarbeid i tverrfagleg team knytt til både utredning og behandling/oppfølging
  • Pasientopplæring
  • Oppfølging av foreldre/føresette
  • Samarbeid med fagfolk i 1. linjetenesta, 2. linjetenesta og øvrige samarbeidspartnerar
  • Delta i fagutvikling og forsking
  • Ambulant arbeid er ein viktig del oppgåvene våre. Søkjar må ha førarkort (klasse B) Vi har tenestebilar til disposisjon

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som Psykologspesialist/psykolog
  • Psykologar uten spesialisering er også velkomne til å søkje
  • Ønskjeleg med erfaring og kjennskap til utredning og oppfølging av HABU sine målgrupper. Særleg kunnskap om menneske med psykisk utviklingshemming og autisme med ulike tilleggsvanskar. Det er spesielt ønskjeleg med erfaring og kompetanse i høve til utgreiing og behandling/oppfølging for desse målgruppene
  • Søkjarar må kunne retteleie fagpersonar i førstelinjeteneste og delta i opplæringsverksemd
  • Vi forutset at søkjar meistrar norsk/skandinavisk språk både skriftlig og muntlig 

Personlege eigenskapar

  • Ha heilskapsforståing 
  • Vere fleksibel
  • Vere strukturert og jobbe målretta samt evne til sjøvstendig planlegging
  • Ha gode evner til samarbeid i eit tverrfagleg miljø

Personlege eigenskaper som er viktige i høve til stilllinga, vil bli vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Rekrutteringstillegg
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp, saman med søknad og CV.

Drøymer du om å bo med kort avstand mellom hav, fjell og fjord med rikt høve til friluftsliv? Å ha tilgang på eit rikt og engasjert kulturmiljø i kystbyar med ambisjonar? 
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her!

Kontaktinformasjon

Diana Trejos, Ass. seksjonsleiar, +47 99 79 31 81, diana.trejos@helse-mr.no

Arbeidsstad

Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4801584131
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.08.2024
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 12.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Habilitering barn og ungdom Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Psykologer og terapeuter
Sted KRISTIANSUND N (Adresse: Herman Døhlens vei 1 Postnr: 6508)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-08-2024
Søknadsfrist 12-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/693dab33-ebc4-4400-9c0f-7b9f80c19aa4
IMPORTAPI