Job Description

Published 12-10-2021
Deadline: 24-10-2021

 

Psykologspesialist/psykolog

Org. nr: – Stillingsident: 4439357090 Presentasjon av stillingen:

Psykiatrisk klinikk har ledig 100% vikariat som psykologspesialist/psykolog ved seksjon psykose og tryggleik i Førde.

Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med ØH plikt og tverrfagleg spesialisert ruseining. Avdelinga psykiatrisk klinikk har 15 psykologspesialistar/psykologar.

Seksjon psykose og tryggleik er delt i to fysisk adskilte døgnpostar, der lokal tryggleikspost er ein sjukehusfunksjon og DPS døgn psykose er ein del av distriktspsykiatrisk senter med opptaksområde Sunnfjord og Ytre sogn.

DPS døgn psykose har 8 døgnplassar og er ein spesialisert post for pasientar med psykoselidingar. Hovudoppgåva er utgreiing, behandling og rehabilitering med stort fokus på miljøterapi, der trening og aktivitetsavdeling samarbeidar med primærteamet. Tilsettegruppa består hovudsakeleg av sjukepleiarar og helsefagarbeidarar, også med vidareutdanning psykisk helsevern. Posten vil ha tett samarbeid med familie/pårørande, poliklinikk, sjukehus og kommunehelsetenesta.

Lokal Tryggleikspost har 3 døgnplassar og er ein sengepost for personar med alvorleg sinnsliding, der det også er ein betydeleg risiko for vald. Ein tar imot pasientar både på frivillig og tvungen psykisk helsevern, inkludert pasientar som har dom på overføring til tvungen psykisk helsevern.

I tillegg til å yte psykiatrisk behandling vil nokre sentrale oppgåver vere å vurdere og handtere risiko for vald. Vårt mål er å gi pasientane moglegheit til auka meistring av eige liv i ulike fasar av sjukdommen, samtidig som vi ivaretek vårt ansvar for samfunnsvernet. Dette gjer vi gjennom fagleg behandling og arbeidsform der miljøterapautisk rehabilitering blir vektlagt. I tillegg gir den fysiske utforminga av nytt sykehusbygg ei god og sikker ramme for arbeidet.

Arbeidsoppgåver

  • Hovudvekta av arbeidet er utgreiing, diagnostikk, individualterapi og utstrakt samarbeid med 1. og 2. linjetenesta.
  • Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper på seksjonen.
  • Ta aktiv del i utviklinga av fagtilbodet ved avdelinga.

Kvalifikasjonar

  • Psykologspesialist/psykolog med norsk autoriasjon i klinisk psykologi
  • Søkjar må kunne kommunisere godt både norsk skriftleg og munnleg
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar

  • Strukturert
  • Trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team
  • Gode evner til å kommunisere, samarbeide og til å tenkje heilskapleg
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Samarbeidsvillig
  • Sjølvstendig og ansvarsbevisst

Vi legg vekt på personlege eigenskaper for å bidra inn i eit tverrfagleg miljø

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Løn etter gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Contacts

Marianne Engh Strandos, Seksjonsleiar, (+47) 975 22 519

Location

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Apply for position:Click here

Key information:

Employer:Helse Førde

Reference number:4439357090
Percentage of full-time: 100%
Vikariat
Start date: 03.01.2022
End date: 08.01.2023
Application deadline: 24.10.2021

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Seksjon psykose og tryggleik, Helse Førde orgnr: 976247493
Kort om arbeidsgiver

«Nye Førde sjukehus» er det største byggeprosjektet sidan Førde sjukehus vart bygd i 1979, og skal ruste sjukehuset for framtida. Helse Førde vil få eit moderne og brukartilpassa sjukehus som skal yte tenester av god kvalitet til innbyggarane i Sogn og Fjordane. Prosjektet har ei økonomisk ramme på NOK 1,6 mrd. og blir gjennomført stegvis som fleire delprosjekt. Når prosjektet er i mål, har vi eit nytt bygg for psykisk helsevern og somatikk. Eksisterande areal, m.a. poliklinikkar, dagbehandling, sengepostar, operasjonsareal og sterilsentral, medisinske støttefunksjonar, er ombygde og oppgraderte. Nye Førde sjukehus er eit samansett, utfordrande og kreativt prosjekt.

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Psykologer og terapeuter
Sted FØRDE (Adresse: Postnr: 6812)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 03-01-2022
Søknadsfrist 24-10-2021


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/17185e3b-834b-4488-a011-65566b42e7d8
XML_STILLING

Ledig stilling: Psykologspesialist/psykolog - Seksjon psykose og tryggleik, Helse Førde