Job Description

Published 22-04-2024
Deadline: 19-05-2024

 

Reinhaldar – 35 % vikariat frå snarast

Avdeling reinhald i sektor for plan og teknikk søker reinhaldar i 35 % vikariat frå snarast.

Arbeidstid er tenkt fordelt på 2-3 dagar pr. veke.

Vi ynskjer ein person som:

  • Har fagbrev innanfor reinhald, eller anna relevant erfaring.
  • Kan arbeide sjølvstendig, og er fleksibel, samarbeidsvillig og serviceinnstilt.

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Tilsettingsvilkår:

  • Den som blir tilsett må vere villig til å delta på eventuelle kurs og opplæringsprogram.
  • Den som blir tilsett må ha førarkort kl. B.

For stillinga gjeld:

  • Løn etter avtale, avhengig av utdanning og praksis.
  • Den tilsette blir medlem i pensjonsordning i KLP med 2 % innskot.
  • Tilsetting skjer elles i samsvar med gjeldande lovar, avtaler og reglement.
  • Ved tilsetting vil det bli stilt krav om politiattest.

Kontaktperson ved spørsmål:
Nærare opplysningar om stillinga kan rettast til avdelingsleiar reinhald, Tone Norheim Klausen, på mobil 90 08 58 44.

Søknadsfrist:
Søknadsfrist for stillinga er 19.05.2024

Velkomen som søkar!

Vi ber om at det elektroniske søknadsskjemaet blir fylt ut fullstendig med både utdanning og erfaring. Vi gjer merksam på at namn på søkarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju ved søknadsfristens utløp.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Fyresdal kommune orgnr: 973804464
Kort om arbeidsgiver

Dei overordna satsingsområda for Fyresdal kommune er bulyst og næringsutvikling. Vekst og vilje bind desse to satsingsområda saman og skal gje gjennomføringskraft i alt som skjer i Fyresdal. Fyresdal kommune er ein kommune med vilje til å prøve, vilje til å endre, vilje til å utvikle, vilje til å prioritere, og vilje til å skape eit levande bygdesamfunn. Denne viljen skapar den veksten bygdesamfunnet har behov for.

Webside https://www.fyresdal.kommune.no/
Bransje Salg og service
Yrke Renholdere og renovasjon
Sted FYRESDAL (Adresse: Klokkarhamaren 6 Postnr: 3870)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Ikke oppgitt
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 19-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e44e0bab-2a64-4bce-9841-586343fe50cb
Stillingsregistrering