Job Description

Published 03-04-2024
Deadline: 03-05-2024

 

Reinhaldar; Reinhaldsoperatør

Vestland fylkeskommune søkjar etter reinhaldar.
Eigedomsavdelinga er Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, reinhald, vedlikehald, og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Samla areal på eigedomsmassen er ca. 750.000 m², og utgjer vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivanlegg, kultur- og administrasjonsbygg.
Eigedomsavdelinga har totalt ca. 370 tilsette. Reinhaldstenesta er delt i 2 regionar og organisert i områder, der reinhaldsleiar har ansvar for 2-4 skuler. Vi har ledig fast 60 % stilling som reinhaldar frå  01 august 2024 i region Nord, for tida med oppmøte ved Austevoll vidaregåande skule.
Austevoll vgs har om lag 40 tilsette og 250 elever. Austevoll vgs er ein fylkeskommunal vidaregåande skole og fagskole på Storebø i Austevoll kommune i Midthordland. Skolen ble grunnlagt i 1978. Skolen eiger skoleskipet MS «Stø Kurs» som blir brukt til undervisning i VG2-linjene naturbruk, maritime fag og fiske og fangst. På Austevoll vgs er det tre avdelingar, hovudbygget, verkstaden og kaien, på kai området har vi naust med loft og ein akvahall og ein nothall.
Vi søkjer etter medarbeidar med kompetanse innan reinhaldsfaget.

Vi søkjer primært etter ein person med fagbrev,men søkjarar utan fagbrev kan også vere aktuelle.
Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett med arbeidsstad i vidaregåande skule. Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Arbeidsoppgåver

  • Reinhald av skulen sine lokale både med og utan maskin
  • Reinhald i regionen ved behov

Kvalifikasjonar

  • Ønskeleg med fagbrev som reinhaldar
  • Praktisk yrkeserfaring
  • Gode norsk kunnskapar, da arbeidsspråket er norsk
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner, vere kreativ, påliteleg, initiativrik og serviceinnstilt
  • Ha evne til å arbeida sjølvstendig, målretta og samarbeide godt med andre på skulen
  • Fleksibel
  • Kjennskap til databasert verktøy
  • Like å jobbe blant ungdom

Vi tilbyr

  • Spennande oppgåver
  • Engasjerte og dyktige medarbeidarar
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Gode pensjonsordningar
  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk

Kontaktinformasjon

Linda Nilsen, reinhaldsleiar m/fagbrev, 48140651, linda.nilsen@vlfk.no
Hanne Hougaard Bisgaard, Regionleiar, 95789400, hanne.hougaard.bisgaard@vlfk.no

Arbeidsstad

Mastrevikane 44
5943 Austrheim

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4794511468
Stillingsprosent: 60%
Fast
Startdato: 01.08.2024
Søknadsfrist: 03.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver EIU- Reinhald RN – Region nord, Vestland fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.
Webside
Bransje Salg og service
Yrke Renholdere og renovasjon
Sted AUSTRHEIM (Adresse: Mastrevikane 44 Postnr: 5943)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-08-2024
Søknadsfrist 03-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/a87e98af-51ca-4dfa-a1ee-34ae322230bd
IMPORTAPI